C.L.R. James

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
C.L.R. James
CLRJamesandthe BarbadosCricketBuckle.jpg
Fødd 4. januar 1901
Port of Spain
Død

31. mai 1989
London

Yrke historikar, journalist, romanforfattar, skribent, fagforeiningsleiar
Ektefelle Selma James

Cyril Lionel Robert James (4. januar 190131. mai 1989)[1] var ein trinidadisk-britisk kommunistisk tenkar, historikar og forfattar. Han var betre kjend som C.L.R. James, og skreiv også under pseudonymet J.R. Johnson. Verka hans har hatt stor påverknad, særleg innan postkolonial litteratur og subaltern-studiar.[2]

James blei fødd på Trinidad og Tobago, som då var del av det britiske imperiet. Han flytta til England i 1932, først til småbyen Nelson i Lancashire og seinare til London. James blei aktiv i den trotskistiske verdsrørsla.

I 1936 gav han ut Minty Alley, den første romanen av ein svart karibiar som kom ut i Storbritannia.[3] Verket hans World Revolution frå 1937 tok for seg historia til den kommunistiske internasjonalen, og vekka debatt blant trotskistar. The Black Jacobins (1938), om den haitiske revolusjonen, er ein grunnleggjande tekst i litteraturen knytt til den afrikanske diasporaen.[4] James var også levande interessert av idrett, og var kjend for å skriva om cricket. Beyond a Boundary frå 1963, ei blanding av cricket-minne og sjølvbiografi,[5] er blitt kalla den beste boka om idrett som nokonsinne er skriven.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. C. Gerald Fraser, «C. L. R. James, Historian, Critic And Pan-Africanist, Is Dead at 88», The New York Times, 2. juni 1989.
  2. Said, Edward, Culture and Imperialism, London: Chatto & Windus, 1993, s. 54.
  3. Gabrielle Bellot, "On the First Novel Published By a Black Caribbean Writer in England", The Huffington Post, 19. mai 2016.
  4. Segal, Ronald. The Black Diaspora, London: Faber, 1996, s. 275.
  5. James, Beyond a Boundary (1963), Preface.
  6. Rosengarten: Urbane Revolutionary, s. 134.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]