C.L. Godske

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
C.L. Godske
Fødd20. mai 1906
Bindal
Død3. juli 1970
Bergen
NasjonalitetNoreg
Yrkematematikar, meteorolog
InstitusjonarUniversitetet i Bergen
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Det Norske Videnskaps-Akademi

Carl Ludvig Schreiner Godske (fødd 20. mai 1906 i Bindal, død 3. juli 1970 i Bergen) var ein norsk meteorolog og matematikar.

Han tok gradane cand.real. i 1930 og dr.philos. i 1934 ved Universitetet i Oslo og var professor i meteorologi ved Geofysisk institutt i Bergen frå 1940. Han vart privatassistent for Vilhelm Bjerknes i 1929, og vart etter kvart ein av dei viktigaste medarbeidarane hans. Som professor ved Universitetet i Bergen bygde han òg opp faget anvendt matematikk, og var av dei første i landet som såg mogelegheitene som opna seg med bruk av elektroniske reknemaskinar. I 1958 fekk han starta selskapet EMMA (Elektronisk Matematikk Maskin), og var med på å få verkeleggjort EDB-anlegget til universitetet.

Han arbeidde innan hydrodynamikk og var banebrytande innan forsking på lokalmeteorologi og landbruksmeteorologi. Han oppretta eit stasjonsnett for måling av varmestråling.

Godske var medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi frå 1937, Selskapet til Vitenskapenes Fremme og fleire utanlandske akademi, og han var formann i Norsk Geofysisk Forening 1956–1957. Han vart utnemnt til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1967.

Utgjevingar (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • Die Störungen des zirkularen Wirbels einer homogen-inkompressiblen Flüssigkeit, doktoravhandling, DNVA Avh. I 1934 nr. 1, 1934
  • On the coupling of shearing instability and static stability in fluid motions, BMÅ, Naturvit. rk., 1945 nr. 4, Bergen 1945
  • Ungdommen og vitenskapen, 1946
  • redaktør for Forskning og framsteg, Bergen 1946
  • Kirken den er et gammelt hus, Bergen 1948
  • Norge på langs. Roverstafetten 1951 Lindesnes–Nordkapp, Bergen 1952
  • Studies in local meteorology and representativeness, UiB Årbok, Naturvit. rk., 1952 nr. 10, Bergen 1952
  • Hvordan blir været? Meteorologi for alle, 1956
  • Dynamic Meteorology and Weather Forecasting, Boston (USA) 1957
  • Statistikk i forskning og praksis, Bergen 1966
  • Oppdagerferden. Forskning og friluftsliv, Bergen 1971

Kjelder[endre | endre wikiteksten]