C. Auguste Dupin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Illustrasjon til «The Murders in the Rue Morgue».

C. August Dupin er ein fiktiv detektiv som opptrer i verk av Edgar Allan Poe.

Detektiven opptrer fyrst i Poe si novelle «The murders in the Rue Morgue» frå 1841, som klarer å løysa ei drapsgåte frå stolen sin, ved deduksjon åleine. Det kom berre to noveller til om Dupin, «The Purloined Letter» frå 1845 og «The Murder of Mary Roget» frå 1850 men novellene blir rekna som dei første i den populære krimsjangeren, og figuren Dupin blei brukt som modell av forfattaren Arthur Conan Doyle for den berømte figuren hans Sherlock Holmes. På denne måten fekk novellene, som ikkje har så stor tyding i forfattarskapen til Edgar Allan Poe, ein stor innverknad på seinare litteratur.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]