CNH Global

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
New Holland skurtreskar.

CNH Global er eit multinasjonalt føretak med hovudkontor i Amsterdam i Nederland. CNH var stifta i 1999, då Fiat slo saman dei to dotterselskapa sine Case IH og New Holland N.V.. På verdsbasis er CNH Global den nest største produsenten av landbrukbruksmaskinar (etter John Deere) og den 3. største produsenten av anleggsmaskinar (etter Caterpillar og Komatsu). Førtaket har 23300 tilsette og omsetning i 2006 var på 12,1 millionar US-dollar. Fiat eig 91 % av føretaket.

Dotterselskap[endre | endre wikiteksten]

Landbruksmaskinar[endre | endre wikiteksten]

Anleggsmaskinar[endre | endre wikiteksten]

Soge[endre | endre wikiteksten]

  • 1842: Jerome Increase Case stifta Jerome Increase Case Machinery Company og tok til å laga treskeverk.
  • 1863: Case vart omstrukturert og namnet vart endra til J.I. Case & Co.
  • 1878: Case tok til å produsera damplokomobilar.
  • 1880: Case endra namn til J.I. Case Threshing Machine Company.
  • 1895: New Holland Machine Company vart stifta i New Holland i Pennsylvania i USA.
  • 1906: Werkhuizen Leon Claeys stifta Claeys i Zedelgem i Belgia og tol til å laga treskeverk.
  • 1917: Ford Motor Company tok til å produsera traktorar.
  • 1919: Fiat tok til å produsera traktorar.
  • 1928: Case endra namn til J.I. Case Company.
  • 1947: Sperry Corporation kjøpte New Holland og endra namnet til Sperry New Holland.
  • 1957: Case kjøpte American Tractor Corp.
  • 1964: Kern County Land Company (KCL) fekk aksjemajoriteten i Case.
  • 1964: Sperry New Holland kjøpte Claeys.
  • 1967: Tenneco Company kjøpte KCL og Case.
  • 1974: Fiat Trattori og Allis Chalmers gjekk saman om å stifta Fiat-Allis.
  • 1977: Fiat Trattori kjøpte dei to US-føretaka Agrifull og Heston.
  • 1984: Fiat Trattori endra namn til Fiatagri og kjøpte 75 % av det franske føretaket Braud og det italianske førtaket Laverda.
  • 1985: Case kjøpte landbruksmaskinavdelinga til International Harvester.
  • 1986: Ford kjøpte Sperry New Holland og la det saman med Ford Tractor til Ford New Holland.
  • 1988: Fiat-Allis og Fiatagri vart lagt saman til FiatGeotech S.p.A..
  • 1991: Case gjekk med 1,1 milliardar US-dollar i underskot.
  • 1991: Fiat kjøpte 80 % av Ford New Holland og la det saman med FiatGeotech til N.H. Geotech.
  • 1993: N.H. Geotech endra namn til New Holland N.V.
  • 1994: Tenneco børsnoterte Case.
  • 1996: Tenneco selde seg ut av Case, som vart eit sjølvstendig føretak.
  • 1999: Fiat kjøpte Case, la det saman med New Holland N.V. og endra namn til CNH Global N.V.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]