Caatingamaursmett
Caatingamaursmett | |
Caatingamaursmetthann | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: ![]() ![]() Utbreiinga av caatingamaursmett | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Maurfuglar Thamnophilidae |
Slekt: | Radinopsyche |
Art: | Caatingamaursmett R. sellowi |
Vitskapleg namn | |
Radinopsyche sellowi |
Caatingamaursmett (Radinopsyche sellowi) er ein fugl i maurfuglfamilien som er endemisk for Brasil.
Systematikk og taksonomi
[endre | endre wikiteksten]Det som no er kjend som caatingamaursmett, vart opphavleg skildra som Herpsilochmus sellowi etter å ha vore rekna som ein del av arten bahiamaursmett (H. pileatus) i fleire tiår. I år 2021 fann forskarar at dette taksonet ikkje høyrde heime i slekta Herpsilochmus, og dei oppretta då den nye slekta Radinopsyche for han.
Dei norske og engelske artsnamna viser til hovudhabitatet til arten, caatinga. Det viskaplege artsnamnet sellowi heidrar den tyske botanikaren og naturforskaren Friedrich Sellow.
Caatingamaursmetten er den einaste arten i slekta Radinopsyche og har ingen underartar.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Caatingamaursmetten er 10,5 til 11,5 cm lang og veg mellom 6,5 og 8 gram. Hannar har svart panne, isse og nakke. Dei har kvitt til lysgrått augebrynstrek og eit kort, mørkt drag bak auget på eit elles grått andlet. Oversida er hovudsakleg grå med ein kvit flekk mellom skulderfjørene. Ytre skulderfjør er svarte med kvite kantar. Vengene er for det meste svarte med kvite kantar på svingfjørene og kvite spissar på dekkerfjørene. Stjerten er mest svart med store kvite spissar på alle fjør og kvite kantar på dei ytre. Undersida er kvit med gråleg skjær. Hoene liknar hannane, men med matte gulbrune kantar på fjørene i panna, svakare drag bak auget, eit olivenfarga skjær i fjørdrakta på oversida og bleik gulbrunleg underside.[1][2]
Utbreiing og habitat
[endre | endre wikiteksten]Caatingamaursmetten finst i nordlege og austlege Brasil, frå det sørlege Pará, austover til Rio Grande do Norte og sørover til Bahia og nordlege delar av Minas Gerais. Som det norske namnet tilseier, held arten hovudsakleg til i caatinga, eit område med halvtørt tropisk vegetasjon som berre finst i det nordaustlege Brasil. Arten finst oftast i halvlauvfellande skog og mata-de-cipó, ein type krattskog dominert av slyngplantar, og dessutan i overgangssoner mellom caatinga og cerrado. Han held seg vanlegvis unna fuktig eviggrøn skog og svært tørre krattskogar. Han finst i høgder mellom 300 og 900 moh., men kan lokalt gå opp til 1100 moh. Caatingamaursmetten er trudd å vere standfugl i heile utbreiingsområdet sitt.[1][2]
Åtferd
[endre | endre wikiteksten]Dietten omfattar ulike insekt og edderkoppar. Arten beitar aleine, i par eller små familiegrupper, og slår seg ofte saman med andre artar i fleirartsflokkar under næringssøk. Han finn oftast føde i dei midtre og øvste sjikta i skogen, opp til om lag 12 meter over bakken, men kan òg søkje føde lågare, heilt ned til 1,5 meter, særleg i kantsoner og i mata-de-cipó. Han hoppar gjennom vegetasjonen og plukkar byttet frå blad og stenglar ved å strekkje seg ut frå sittande posisjon, stundom med korte horisontale byks. Han tek sjeldnare korte hopp oppover mot byttet. Arten er ikkje observert i samband med hærmaur.[1]
Songen er ein «veldig lys, kort og rask rasling, som wrrrrrru, lett stigande i starten og fallande mot slutten». Ropet er ei kort rekke av wiip-lydar og ei til dømes eitt sekund langt rasling i aukande tonehøgd som kan vere innleidd av eit noko lengre, nedtona læte.[1]
Status
[endre | endre wikiteksten]I 2002 vurderte Verdas naturvernunion, IUCN, arten som nær truga (NT), og endra statusen til livskraftig (LC) i 2011. Han har eit stort utbreiingsområde, men er spreidd innanfor dette arealet. Populasjonsstorleiken er ukjent, men truleg minkande. Habitatet er truga av omforming til jordbruksområde, busetting, husdyrhald og vegbygging. «At arten òg finst i sekundærskog tyder på at han toler ein viss grad av habitatforringing».[3] Arten er rekna som uvanleg til nokså vanleg innanfor utbreiingsområdet og finst i minst tre verneområde. Det meste av utbreiingsområdet er likevel utan vern.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Artikkelen er basert på ei omsetting av «Caatinga antwren» frå Wikipedia på engelsk, den 24. mai 2025
- Zimmer, K.; Isler, M.L. (2022), Sly, N. D., red., «Caatinga Antwren (Radinopsyche sellowi), version 1.1», Birds of the World Online (Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY.), doi:10.2173/bow.caaant1.01.1
- Referansar
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Zimmer, et al (2020)
- ↑ 2,0 2,1 van Perlo, Ber (2009). A Field Guide to the Birds of Brazil. New York: Oxford University Press. s. 246–247. ISBN 978-0-19-530155-7.
- ↑ BirdLife International (2024). «Caatinga Antwren Herpsilochmus sellowi». IUCN Red List of Threatened Species 2024. doi:10.2305/IUCN.UK.2024-2.RLTS.T22701558A263709017.en. Henta 24. mai 2025.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) caatingamaursmett hos Artsdatabanken
- (en) caatingamaursmett i Global Biodiversity Information Facility
- (en) caatingamaursmett hos ITIS
- (en) caatingamaursmett hos NCBI
- (en) Kategori:Herpsilochmus sellowi – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Radinopsyche sellowi – detaljert informasjon på Wikispecies