Caburguasjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Caburguasjøen
innsjø
Kart
Caburguasjøen
39°07′40″S 71°46′24″W / 39.127777777778°S 71.773333333333°W / -39.127777777778; -71.773333333333
Wikimedia Commons: Caburgua Lake

Caburguasjøen (spansk: Lago Caburgua) er ein innsjø i Araucanía-regionen nordaust for den velkjende og langt større Villarricasjøen i det sørlege Chile. Dette er ca. 600 km sør for hovudstaden Santiago. Sjøen dekker eit areal på 53 km², 470 moh. og er omgjeve av kvite sandstrender. Hovudvasskjelda er Río Blanco.

Sørvest for innsjøen ligg flere varme kjelder, t.d. Termas de Menetué, Termas de Huife og Termas de Río Blanco. Aust for innsjøen ligg Huerquehue nasjonalpark. Aust for innsjøen ligg òg det 2040 m høge Cerro Picos del Caburgua. Vest for innsjøen ligg Villarrica nasjonalreservat.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Caburguasjøen