Cadagua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cadagua
elv
Kadagua ved Balmaseda
Land  Spania
Nedslagsfelt 600 km²
Lengd 70 km
Middelvassføring 10,2 /s
Kjelde Sierra Magdalena
Munning Bilbaoestuaret
Kart
Cadagua
43°05′35″N 3°23′30″W / 43.092947°N 3.391657°W / 43.092947; -3.391657
Wikimedia Commons: Cadagua River

Cadagua eller Kadagua er ei elv nord i Spania og drenerer området Encartaciones frå Valle de Mena til Barakaldo og Bilbao, der ho dannar grensa mellom desse kommunane. Ho munnar ut i Bilbaoestuaret. Elva renn òg gjennom byen Balmaseda.

Elva har fått namn etter ein liten landsby der den øvste kjelda hennar ligg. Landsbyen Cadagua ligg i Valle de Mena omgjeve av La Peña-fjella.

Fire små vasskraftverk produserer elektrisitet i Cadagua. Fram til slutten av 1900-talet var òg fleire møller i drift langs elva.

Cadagua er eit selskap som er kalla opp etter elva. Selskapet planlegg og byggjer vassreinsanlegg for å betre miljøet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Spania å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.