Caesarea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 32°30′08.08″N 34°54′30.33″E
Caesarea
by
none
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Haifa distrikt
Koordinatar 32°30′08.08″N 34°54′30.33″E
Areal 35 km²
Folketal 4 400 (2006)
Folketettleik 126 / km²
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Caesarea

Caesarea (hebraisk skrift קֵיסָרְיָה; arabisk قيسارية, Kaysaria; gresk Καισάρεια) er ein by i Israel midtvegs mellom Tel Aviv og Haifa (45 km) på Den israelske kystsletta nær byen Hadera. Den moderne Caesarea hadde i desember 2007 eit folketal på 4 500 innbyggjarar.[1] Han er den einaste israelske busetnaden som er styrt av ein privat organisasjon, Caesarea Development Corporation,[2] og ein av dei mest folkerike busetnadane som ikkje er ein eigen lokal kommune. Han høyrer i dag til Hof HaCarmel regionale kommune.

Byen vart bygd av Herodes den store kring 25–13 fvt. som hamnebyen Caesarea Maritima. Han tente som det administrative senteret i provinsen Judea i Romarriket, og var seinare hovudstaden i den bysantinske provinsen Palaestina Prima i antikken. Etter muslimske erobringa på 600-talet, hadde byen ein arabisk majoritet fram til krossfarane erobra området, men han vart fråflytta etter mamelukkane tok over etter krossfararane. Han vart busett på ny i 1884 av bosniske emigrantar, som grunnla ein liten fiskelandsby. I 1940 vart kibbutzen Sdot Yam grunnlagd like ved landsbyen. I februar 1948 vart landsbyen erobra av ei Palmach-eining kommandert av Yitzhak Rabin, og folket som budde der flykta etter eit åtaka av Stern Gang. I 1952 vart den jødiske byen Caesarea grunnlagd nær ruinane av den gamle byen, som vart omgjort til nasjonalparken Caesarea Maritima.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Ein trur Caesarea vart bygd i ruinane etter Stratonospyrgos (Straton-tårnet), som vart grunnlagd av Straton I av Sidon, og var truleg i starten berre eit jordbrukslager.[3] I 90 fvt. erobra Alexander Jannaeus Straton-tårnet som i eit ledd i planen om å utvikel skipsindustrien og forsterke det hashmoneiske kongedømet. Straton-tårnet vart verande ein jødisk by i to generasjonar, før området vart underlagt romarane i 63 fvt., då dei erklærte han ein sjølvstyrt by. Den heidenske byen gjennomgjekk store endringar under Herodes den store, som gav han namnet Caesarea etter den romerske keisaren, Caesar Augustus.

I 22 fvt. byrja Herodes å byggje ei djupvasshamn og bygde lager, marknader, vide gater, tempel til ROma og Augustus og andre offentlege bygg.[4] Kvart femte år var byen vertskap for idrettsarrangement, gladiatorkampar, tetaroppsetjingar i teateret som hadde utsyn over Middelhavet.

Caesarea blømde òg i bysantinsk tid. På 200-talet gjorde jødiske vismenn unntak for byen frå jødiske lover, eller Halakha, sidan byen på denne tida i stor grad var ikkje-jødisk.[5] Hovudnæringa i byen var handel.

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Området kring byen vart dyrka opp under Rashidun-kalifatet, fram til krossfarane erobra staden på 1000-talet.[5] Over tid vart gravlagde under sand som dreiv inn frå kysten av Middelhavet.

I følgje Andrew Petersen, vart det nemnt ein stor moské der i 1047 av Nasir-i-Khusraw. Denne vart omgjort til ei St. Peterskyrkje av krossfarane. Ein mur som kan ha vore ein del av denne bygningen er funnen i moderne tid.[6][7]

Ein del av krossfararmurane og vollgrava finst framleis i dag.

I 1251 bygde Ludvig IX av Frankrike festningsverk i byen, og gav ordre om å byggje ein høg mur og ei djup vollgrav. Delar av muren står framleis i dag. Dei kraftige murane heldt likevel ikkje sultanen Baibars ute, som gav soldatane sine ordre om å skalere murane fleire stader samstundes, og slik innta byen. Under mamelukkane låg ruinane av Caesarea Maritima og krossfararborga nær Caesarea folketom.

Osmansk tid[endre | endre wikiteksten]

I 1664 vart det nemnd ein busetnad med 100 marokkanske familiar og 7-8 jødiske..[8] På 1700-talet falt folketalet igjen.[9]

I 1806 såg den tyske reisande Seetzen «Káisserérie» som ein ruin busett av fattige fiskarar og familiane deira.[10]

Caesarea låg i ruinar fram til 1800-talet, då landsbyen Qisarya (arabisk قيسارية, det arabiske namnet på Caesarea) vart grunnlagd i 1884 av Bushnak (bosniarar) – emigrantar frå Bosnia, som bygde ein liten fiskelandsby i ruinane av krossfararborga ved kysten.[11][12]

Petersen, som vitja staden i 1992, skreiv at husa på 1800-talet vart bygde i blokker, generelt var på ein etasje (med utanom huset til guvernøren). Somme hus på vestsida av landsbyen, nær sjøen, har overlevd. Det var fleire moskear i landsbyen på 1800-talet, men berre den bosniske moskeen har overlevd. Denne moskeen, som ligg i sørenden av byen, like ved hamna, er skildra som ein enkel steinbygning med raudt tak og ein sylinderforma minaret. Denne var i 1992 nytta som restaurant og gåvebutikk.[7]

Det britiske mandatet[endre | endre wikiteksten]

Den jødiske kibbutzen Sdot Yam vart grunnlagd 1 km sør for den arabiske byen i 1940. Den arabiske landsbyen sleit økonomisk og mange av arabarane flytta der i frå midt på 40-talet, då britane bygde Palestina Railways utanom den vesle hamnebyen. Qisarya hadde eit folketal på 960 i 1945,[13], av dette 930 muslimar og 30 kristne.[13] I 1944/45 vart i alt 18 mål av den arabiske landsbyen nytta til dyrking av sitrus og bananar, 1 020 mål for kornåkrar og 108 mål for kunstig vatning eller frukthagar-[14]

Borgarkrigen byrja den 30. november 1947. Den 31. januar 1948 gjekk Stern Gang til åtak på ein bus frå Qisarya, og tok livet av to og skadde seks personar. Dette førte til at dei fleste innbyggjarane evakuerte landsbyen og flykta til den nærliggande al-Tantura.[15] Haganah okkuperte så landsbyen, fordi landområdet var eigd av Palestina Jewish Colonization Association, men i frykt for at britane ville tvinge dei bort, valte dei å jamne alle husa med jorda.[15] Dette vart gjort 19.-20. februar, etter at dei gjenverande innbyggjarane var drivne bort og husa plyndra.[15] I følgje Benny Morris hadde utvisinga av folkesetnaden meir å gjere med ulovleg jødisk innvandring enn den pågåande borgarkrigen.[16]

Staten Israel[endre | endre wikiteksten]

Dan Hotel

Etter staten Israel var oppretta, gjekk Rothschild-familien med på å overføre landområda sine til den nye staten, men ein annan avtale kom til for dei 35 000 dekar med landområde som familie eigde i og kring den moderne Caesarea: etter å ha gjeve landområdet til staten, vart det leigd attende (for ein periode på 200 år) til nye veldedige organisasjonar. I testamentet sitt sette Edmond James de Rothschild som vilkår at denne organisasjonen skulle fremje utdanning, kunst, kultur og velferd i Israel. Caesarea Edmond Benjamin de Rothschild Foundation vart skipa og driven basert på midlar skapt av sal av landområde i Caesarea som organisasjonen er ansvarleg for å vedlikehalde. Organisasjonen er dels eigd av Rothschild-familien og Staten Israel.[treng kjelde]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Akvedukt i Caesarea

Caesarea ligg på Den israelske kystsletta, den historiske landbrua mellom Europa, Asia og Afrika kring halvvegs mellom Tel Aviv 45 km og Haifa 45 km. Caesarea ligg kring 5 km nordvest for byen Hadera, og grensar i aust til Caesarea industriområde og byen Or Akiva. Like nord for Caesarea ligg byen Jisr az-Zarqa.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Den einaste fulle golfbanen i landet ligg i Caesarea.[17] Ideen til Caesarea Golf and Country Club kom etter James de Rothschild syns sanddynene kring Caesarea minna han om dei sandete golfbanane i Skottland. Golfklubben vart skipa i 1958 og ein bane vart bygd og offisielt opna i 1961. Caesarea Golf Club har vore vertskap for internasjonale golfkonkurransar kvart fjerde år i Maccabiah-spela. Banen vart omforma av golfbanedesignaren Pete Dye i 2007–2009.

Kjende innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Table 3 – Population of Localities Numbering Above 1 000 Residents and Other Rural Population». Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. juni 2008. http://www.cbs.gov.il/population/new_2009/table3.pdf. Henta 8. april 2015. 
  2. About the CDC
  3. Duane W. Roller and Robert L. Hohlfelder. «The Problem of the Plasseringa til Straton's Tower». JSTOR 1356838. 
  4. Crossan, John Dominic (1999) Birth of kristendom: Discovering What Happened i Years Immediately After the Execution of Christ Continuum International Publishing Group, ISBN 0-567-08668-2 p 232
  5. 5,0 5,1 Safrai, Zeev (1994) The Økonomi i romersk Palestina Routledge, ISBN 0-415-10243-X p 374
  6. Pringle, 1993, s. 170 -171
  7. 7,0 7,1 Petersen, 2001, s.129-130
  8. Roger, 1664; sitert i Ringel 1975, 174; sitert i Petersen, 2001, s.129
  9. Petersen, 2001, p129
  10. Ulrich Jasper Seetzen, «Reise in den Orient"; republished by Friedrich Kruse, «Ulrlch Jasper Seetzen's Reisen durch Syrien, Palästina, Phönlcien, die Transjordan-Länder, arabararia Petraea und Unter-Aegypten. Volume 2, s. 72–73. VerIegt bei G. Reimer, Berlin 1854. [1]
  11. Laurence Oliphant, Haifa; or, Life in Palestina (Edinburgh, Blackwood, 1887), p182.[2]
  12. «Caesarea». Jewish Virtual Library. http://www.jewishvirtuallibrary.org/jsource/vie/Caesarea.html. Henta 8. april 2015. 
  13. 13,0 13,1 Government of Palestina, Village Statistics, 1945.
  14. Khalidi, 1992, s. 183
  15. 15,0 15,1 15,2 Morris, 2004, s. 130
  16. Morris, 2008, s. 94–95.
  17. Golf Digest magazine, May 2010

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Caesarea