Café Sting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kjartan Fløgstad under litteraturfestivalen 2007 på Café Sting
Foto: Jarle Vines

Café Sting er ein kafé ved Valbergtårnet i sentrum av Stavanger. Han kombinerer kaféliv med kulturliv, og mest kjend er den årlege litteraturveka om hausten, der kjende norske forfattarar les høgt frå tekstane sine. Om våren blir det årleg arrangert ein jazzfestival med ulike utøvarar. Viseklubben i Stavanger nyttar òg lokalet til å presentera visesongarar. Kaféen var ein av stadene som deltok då Stavanger var Europeisk kulturhovudstad i 2008. I 2006 blei Café Sting stemt fram til førsteplass i kunstprosjektet «Nabolagshemmeligheter» av Aftenbladet sine lesarar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]