Cagots

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Cagot)
Folk identifiserte som agotes fotograferte i Navarra rundt 1900.

Cagots var historisk ei samfunnsgruppe i Frankrike og delar av Spania som var utstøytt frå resten av samfunnet. Gruppa levde under ulike særreglar, avsondra frå andre, og blei sett ned på og diskriminert. Ordninga blei dels regulert med nedskrivne lovar og dels av lokale skikkar.

Cagotar er kjende under ulike namn frå Baskarland, Béarn, Gascogne og Bretagne.[1] Folk som tilhøyrde gruppa budde i eigne område utanfor byar eller landsbyar (kjende som caogteries, ofte i tidlegare spedalskbustader). Dei måtte gifta seg innanfor si eiga gruppe og kunne ikkje arbeida, dansa eller mora seg med ikkje-cagotar.[2] Cagotar fekk ikkje drikka vatn eller vaska seg i vasskjelder brukte av andre.[3] Dei måtte ofte bera eit merke på kleda, ofte farga raudt og gjerne i form som ein gåsefot.[4]

Gjenspikra cagot-dør i ei kyrkje i Béarn.

Cagotane kunne berre utøva særskilde yrke, og var særleg knytt til tre- eller metallarbeid. Dei fekk ikkje driva jordbruk eller selja næringsmiddel som mjøl, kjøt, vin eller matolje til andre.[3] Om dei fekk adgang til kyrkja, hadde dei gjerne eigne, små inngangar, eige vigslevatn og fekk berre nattverd på enden av ein pinne.

Gruppa var særleg utstøytt i mellomalderen. Den første nemninga som truleg viser til henne er frå år 1000;[5] den første som nytter ordet «cagot» er frå 1288. Særbestemmingane om cagotane blei oppheva på slutten av 1700-talet, og dei blei mellom anna gjevne fulle rettar under den franske revolusjonen, sjølv om uformell diskriminering kunne fortsetja lokalt. Etterkvart blei cagotane likevel absorberte av lokalbefolkninga, eller dei utvandra til den nye verda. I dag er det svært få som vil vedkjenna seg eit slikt opphav.[6]

Det er ikkje visst korleis cagot-gruppa oppstod. Ein truleg teori er at dei var etterkomarar av spedalske eller folk med liknande hudsjukdommar - cagot betyr 'spedalsk' på Béarn-dialekt. Mange av restriksjonanen mot dei kan minna om smittevern mot ein sjukdom som lepra, og gruppa er også i seinare tid blitt knytt til sjukdommen.

Andre forklaringar som er blitt lagt fram er mellom anna at dei var etterkomarar av gotarar, sarasenarar, vikingar eller katarar.

Sidan 1500-talet kunne nemninga på fransk også vera eit skjellsord med tydinga 'hyklar' eller 'skinnheilag person'.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Cagots, gézitains, gahets og gafets i Gascogne; agotes, agotac og gafos i Baskarland; capots i Anjou og Languedoc og cacons, cahets, caqueux og caquins i Bretagne.
  2. L. Louis-Lande (1878), «Les cagots et leurs congénères», Revue des deux mondes (på fransk) 
  3. 3,0 3,1 Les cadets, les cagots, les abbés laïques et les guides (på fransk), www.patrimoines-lourdes-gavarnie.fr 
  4. Ulysse Robert (1891), H. Champion, red., Les signes d'infamie au moyen âge : Juifs, Sarrasins, hérétiques, lépreux, cagots et filles publiques (på fransk) ; Fonds Albert Ricaud, érudit marmandais (PDF) (på fransk), Archives du conseil 
  5. «chrestiaas»
  6. Sean Thomas, «The last untouchable in Europe», The Independent (28. juli 2008)
  • «Cagots» (23. mars 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 27. januar 2015.
  • «Cagots», Encyclopædia Britannica 1911

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Cagots