Cairn na Burgh Mòr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Cairn na Burgh Mòr
Bilete av Cairn na Burgh Beg (til venstre) og Cairn na Burgh More til høgre
Bilete av Cairn na Burgh Beg (til venstre) og Cairn na Burgh More til høgre
Geografi
Cairn na Burgh Mòr is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 56°31′6″ N 6°22′52″ WKoordinatar: 56°31′6″ N 6°22′52″ W
Øygruppe Indre Hebridane

Areal 0,0136 km²

Høgaste punkt 35 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Argyll and Bute

Demografi
Folketal 0

Cairn na Burgh Mòr (òg kalla Cairnburgh More) er ei av Treshnish Isles i Indre Hebridane i Skottland. Øya er ikkje lenger busett.

Cairn na Burgh Mòr.

Cairn na Burgh Mòr er den største av to «Carnburgs», som er kallenamnet deira, nordaust i Treshnish Isles. Den andre er Cairn na Burgh Beag. Dei ligg ved innløpet til Loch Tuath på vestsida av Mull. Desse graskledde øyane er begge restar av gamle lavastraumar og har ein særeigen profil: Flat på toppen med klipper rundt. Det ligg nokre festningsverk i den graskledde skråninga på Cairn na Burgh Mòr. Her ligg òg eit slott og eit kapell.[1]

Øya er nemnd i Soga om Håkon Håkonsson (kap. 265) som Kjarnaborg.[2]

Gjennom historia har øya tilhøyrd klanane MacDougall, MacDonald og til sist MacLean. I dag tilhøyrer ho saman med resten av Treshnish-øyane Hebridean Trust.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Overview of Burgh More, Cairn na». Gazetteer for Scotland. Henta 30. juni 2019. 
  2. Norges Kongesagaer. Omsett av Alexander Bugge. Kristiania: I.M. Stenersens Forlag. 1914. «741. Nu Cairnbourgh ved vestsiden av Mull»