Caithness

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Caithness - eller Katanes - som i nær fire hundre år høyrde til jarleriket på Orknøyane.
Gatebilete frå Wick,[1] som er rekna som hovudstaden i Caithness.
Utsikt over Thurso[2] som er nemnt mange gonger i Orknøyingasoga. Fram til 1975 hadde byen status som «burgh».
Landskap i Caithness - utsikt mot Halkirk.

Caithness (norrønt Katanes) er ein skotsk historisk region på nordspissen av det skotske fastlandet. I dag er Caithness ein del av regionen Highland.

Den nordlegaste landsbyen på det britiske fastlandet, John o' Groats, ligg i Caithness. Området har ferjesamband med Orknøyane over Pentland Firth. Det ligg ein flyplass i Wick, og anna transportsamband finst gjennom hovudvegane A9 og A836 og jernbanelinja Far North Line.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Dei to regionane Caithness og Sutherland var til saman eit av dei gamle piktiske kongedøma, og vart kalla «Cait» eller «Cat». Det skotsk-gæliske namnet på området var Gallaibh, som tyder «dei framande» og viser til busetjinga av norrøne folk. Sør for Cait ligg provinsane Moray og Ross og grenseskiljet er tidevasselva Oykel (Ekkjal på norrønt) og fjorden Dornoch Firth. Mot vest grensar området til den nordlege delen av Argyll. Mot aust grensar landet mot Moray Firth som dei norrøne kalla Breidefjord (Breiðafjǫrðr), og mot nord ligg Pentland Firth (norrønt Petlandsfjörð).

I dei eldste norrøne kjeldene, til dømes i Orknøyingasoga[3] blir området kalla «Katanes», som er ei samanstilling av ordet «Cait» og det norrøne ordet «nes» (neset ved Cait).

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Caithness omfattar den nord-austlege delen av Cait og grensar i sør og aust mot regionen Sutherland. Området strekker seg omkring 50 km nord-sør og omkring 50 km aust-vest. Topografien er i hovudsak flatt landskap med opne, bølgjande jordbruksområde, lyngheier og spreidd busetjing. Innlandet er prega av heiar og myrer med den største teppemyra i Europa, Flow Country. ELvedalar eller straths har meir fruktbar dyrka mark. Kysten har dramatiske klipper og strender med eit rikt fugleliv.

Mang stadnamn i Caithness har norrønt opphav.[4] Det same gjeld mange lokale slektsnamn, som Gunn.[5]

Nedanfor er ei oversikt over nokre geografiske namn på Caithness, med dei samsvarande norrøne namna i parentes (lista er ikkje komplett):

Freswick (Trasvik)
Dunnet Head (Raudebjorg)
Murkle (Myrkhol)
Halkirk (Høgkyrkja)
Helmsdale (Hjalmundal)
Dale (Dal)
Duncansby (Dungalsbø)
Skitten (Skidamyr)
Bucholly (Lambaborg)
Scrabster (Skarabolstad)
Stroma (Straumøy)
Swelchie (Svelgen) - ein malstraum ved Stroma

Mange namn på Caithness av i dag er direkte omskriving av norrøne namn. Eksempel på dette er:

Wick - kjem av norrønt: vik.
Loch Watten - kjem av norrønt: vatn.
Thursdale (Torsdal) og Thurso (Torså) - namnet er avleitt av gudenamnet Tor.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området har mange førhistoriske monument, som Grey Cairns of Camster, menhiren Stone Lud, Hill o' Many Stanes og over 100 broch-bygg. Ein underjordisk eller souterrain-struktur kjend som Castle Bloody er blitt likna med funn i Midgarth og på Shapinsay.[6]

Alt på 700-talet vart Nord-Skottland, og Caithness, herja av vikingar, og landet var på den tida befolka av folkeslaget piktarar.[7] Det kom stadig fleire norrøne folk som slo seg ned langs kysten, i sør så langt som til Berriedale. Fleire kystborger, no for det meste i ruinar, blei grunnlagde av folk frå Noreg.[8]

Ein reknar med at den første av norrønt opphav som tok herredøme over området, var orknøyjarlen Sigurd Øysteinsson. Frå omkring 875 til 1266 låg Caithness under det orknøyske jarleriket, til tider som eit len underlagt dei skotske kongane. I Perthtraktaten[9] av 1266 mellom Noreg og Skottland, vart Caithness anerkjent som fullt ut skotsk område.

Historia til «jarledømet Caithness», til tider òg omtala som «mormaerriket Caithness», fekk i tida etter 1266 ei særs kompleks utvikling og jarletittelen var i periodar ikkje i bruk. Etter at fleire ulike personar og familier heilt eller delvis hadde styring med regionen på 1300-talet og 1400-talet, vart William Sinclair[10] (1410-1484) innsett i 1455 som «første jarl av Caithness». Han hadde òg tittel som «tredje jarl av Orknøyane» og «baron av Roslin». Seinare gjekk tittelen i arv i Sinclair-familien fram til i dag, då Malcom Ian Sinclair[11] (fødd 1948) overtok tittelen som den tjuande jarlen av Caithness i 1956. (Sjå: Peerage of Scotland[12])

Caithness var opphavleg styrt frå Inverness, men fekk etter kvart ein meir sjølvstendig status. I 1455 fekk jarlen av Caithness funksjonen som dommar og sheriff (fogd). Caithness vart eige rettsområde i 1503, med hovudsete i Wick (burgh of Wick).

I 1890 vart det oppretta eit valt råd (county council) som stod for administrasjonen av regionen (county), framleis med Wick som administrativt senter.

I dag (2017)[endre | endre wikiteksten]

Flagget til Caithness.

Caithness er på storleik 1 805 kvadratkilometer med eit folketal på 26 067. Dei mest folkerike byane er Wick med 7 155 innbyggarar og Thurso med 7 933 innbyggarar (tal frå 2013). Sidan 2016 har Caithness hatt sitt eige flagg. Det har ei utforming som liknar på det norske flagget (proporsjonar 3:5), men fargane er svart med blå nordisk kross, og med gule kantar. På kantonen er eit seglskip med eit bilete av ein ramn på storseglet.

Medan Caithness tidlegare var styrt som eit jarledøme (grevskap), er det i dag eit av dei skotske statthaldarskapa (lieutenancy area) med same namn. Det er leia av ein statthaldar (Lord-lieutenant)[13], som er monarken sin representant i området og hovudsakleg har seremonielle funksjonar.

Administrativt høyrer Caithness til det lokale råds-området (ward) «Landward Caithness». Dette er underlagt The Highland Council[14] (etablert i 1973) som er ein demokratisk organisasjon med 80 valde «rådsmenn» (councillors). Inndelinga av dei lokale råds-områda fell i stor grad saman med dei historiske grevskapa (shires).

Caithness høyrer til den parlamentariske valkretsen «Caithness, Sutherland og Easter Ross», der det blir valt eit medlem til det britiske parlamentet (MP) og eit medlem til det skotske parlamentet (MSP).

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «History» - Wick, The heritage town
  2. Welcome to Thurso
  3. Orknøyingasoga omsett av Gustav Indrebø (Oslo 1929)
  4. Logan, F. Donald (2005). The Vikings in History (3rd utg.). New York: Routledge. s. 28. Henta 7 August 2016. 
  5. MacBain, Alexander (1922). Place Names Highlands and Islands of Scotland. Stirling: Mackay. s. 21. ISBN 978-1179979427. Henta 7 August 2016. 
  6. C.Michael Hogan, Castle bloody, The Megalithic Portal, red. A. Burnham, 2007
  7. «Priests and Picts». Caithness Archaeology. Arkivert frå originalen 20. desember 2016. Henta 7 August 2016. 
  8. J.R. Baldwion og I.D. Whyte (red.), The Viking Age in Caithness, Orkney and the North Atlantic (Edinburgh University Press) 1993
  9. Treaty of Perth Oxford Reference
  10. William St. Clair 1st Earl of Caithness
  11. Malcolm Ian Sinclair 20th Earl of Caithness
  12. Peearage of Scotland
  13. The Lord-Lieutenants (Scotland) Order 1996 
  14. The Highland Council

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]