California Institute of the Arts

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå CalArts)
California Institute of the Arts


Grunnlagt1961
Typeprivat
StadSanta Clarita
Studentar1 166 (september 2020), 1 422 (1. september 2021)
Tilsette468 (september 2020)
Nettstadhttps://calarts.edu/ (engelsk)
ErstattarChouinard Art Institute

California Institute of the Arts (CalArts) er eit privat, ikkje-kommersielt universitet i Valencia i delstaten California i USA. Det blei oppretta i 1961.

Ved universitetet var det 1 523 studentar og 262 vitskapleg tilsette i 2019.[1] Universitetet har studiar opp til doktorgradsnivå.

CalArts blei skipa i 1961 gjennom ei samanslåing av Chouinard Art Institute (grunnlagd 1921) og Los Angeles Conservatory of Music (grunnlagd 1883).[2] Begge institusjonane var i pengetrøbbel og grunnleggjaren av førstnemnde, Nelbert Chouinard, var dødssjuk. Walt Disney hadde samarbeidd mykje med Chouinard-institusjonen, og bidrog no til å gjennomføra samanslåinga. Prosessen fortsette etter at han døydde i 1966.[3] Andre bidragsytarar var broren hans Roy O. Disney, Lulu Von Hagen og Thornton Ladd (Ladd & Kelsey, Architects), frå Los Angeles Conservatory of Music.[4] I 1970 kunne den nye utdanningsinstitusjonen ta imot studentar i kunst, design, film, musikk, drama og dans.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Facts and Figures», CalArts (på engelsk), henta 30. mars 2020 
  2. «CalArts: History». 
  3. «The Roots of CalArts». Los Angeles Times. 29. april 1990. Henta 18. mars 2012. 
  4. «Program: CalArts Groundbreaking». 
  5. «History», CalArts (på engelsk), henta 30. mars 2020 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]