Calamiansvinehjort

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Calamiansvinehjort
Calamiansvinehjort
Calamiansvinehjort
Status
Status i verda: EN Sterkt truga
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Familie: Hjortedyr Cervidae
Slekt: Svinehjortar Axis
Art: Calamiansvinehjort A. calamianensis
Vitskapleg namn
Axis calamianensis

Calamiansvinehjort (Axis calamianensis) er ein hjorteart som berre leverCalamianøyane i Palawan-provinsen på Filippinane.

Dyra har ei lengd på mellom 105 og 115 centimeter og ei mankehøgd på mellom 60 og 75 centimeter. Vekta ligg på mellom 36 og 50 kg.

Pelsen har brun grunnferge. Pelsen til hannane blir mørkare med alder. Til forskjell frå den nærskylde svinehjorten har han aldri flekkar. Den korte, buskete halen har kvit underside. Lemmane er høvesvis lange og ofte mørkare enn resten av kroppen. Berre hannane har horn, som kan ha opptil tre takkar.

Calamiansvinehjort lever i skogar og er nattaktive. Om dagen kviler dei i tett underskog. Den viktigaste føda deira er lauv, skot og kvistar.[1]

Fostertida er rundt 180 dagar. Ei ho får som regel ein unge og ein sjeldan gong tvillingar. Etter rundt 6 månader slutter ungdyret å dia og etter 8-12 månader er det kjønnsmoge.

Arten har eit svært avgrensa utbreiingsområde på berre 1500 km². Han er også truga av jakt, forstyrring av leveområdet og av innførte artar.

Heile populasjonen ligg truleg på rundt 900 individ, og IUCN rekner arten som sterkt truga.[2] Den største populasjonen lever i ein viltpark på øya Calauit, medan mindre flokkar finst på øyane Busuanga og Culion.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. (på en-US)Los Angeles Zoo and Botanical Gardens | Deer, Calamian, http://www.lazoo.org/animals/mammals/calamian-deer/#1505504245499-f7eb9303-598f, henta 2018-03-10 
  2. Oliver, W.; Widmann, P.; Lastica, E. (2008). «Axis calamianensis». The IUCN Red List of Threatened Species. Henta 8. april 2009. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]