California Institute of the Arts
California Institute of the Arts | |||
| |||
| |||
Grunnlagt | 1961 | ||
---|---|---|---|
Type | privat | ||
Stad | Santa Clarita | ||
Studentar | 1 166 (september 2020), 1 422 (1. september 2021) | ||
Tilsette | 468 (september 2020) | ||
Nettstad | https://calarts.edu/ (engelsk) | ||
Erstattar | Chouinard Art Institute | ||
California Institute of the Arts 34°23′35″N 118°34′01″W / 34.393055555556°N 118.56694444444°W |
California Institute of the Arts (CalArts) er eit privat, ikkje-kommersielt universitet i Valencia i delstaten California i USA. Det blei oppretta i 1961.
Ved universitetet var det 1 523 studentar og 262 vitskapleg tilsette i 2019.[1] Universitetet har studiar opp til doktorgradsnivå.
CalArts blei skipa i 1961 gjennom ei samanslåing av Chouinard Art Institute (grunnlagd 1921) og Los Angeles Conservatory of Music (grunnlagd 1883).[2] Begge institusjonane var i pengetrøbbel og grunnleggjaren av førstnemnde, Nelbert Chouinard, var dødssjuk. Walt Disney hadde samarbeidd mykje med Chouinard-institusjonen, og bidrog no til å gjennomføra samanslåinga. Prosessen fortsette etter at han døydde i 1966.[3] Andre bidragsytarar var broren hans Roy O. Disney, Lulu Von Hagen og Thornton Ladd (Ladd & Kelsey, Architects), frå Los Angeles Conservatory of Music.[4] I 1970 kunne den nye utdanningsinstitusjonen ta imot studentar i kunst, design, film, musikk, drama og dans.[5]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Facts and Figures», CalArts (på engelsk), henta 30. mars 2020
- ↑ «CalArts: History».
- ↑ «The Roots of CalArts». Los Angeles Times. 29. april 1990. Henta 18. mars 2012.
- ↑ «Program: CalArts Groundbreaking».
- ↑ «History», CalArts (på engelsk), henta 30. mars 2020
- Denne artikkelen bygger på «California Institute of the Arts» frå Wikipedia på bokmål og «California Institute of the Arts» frå Wikipedia på engelsk, den 30. mars 2020.