Rop og svar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Call-and-response)

Rop og svar eller engelsk call and response er ein teknikk innan musikk der to distinkte fraser følgjer etter kvarandre, vanlegvis utførte av ulike musikarar. Den andre frasen framstår som ein direkte replikk til den første. Først kan til dømes ein forsongar synga ei setning, så gjentek andre songarar eller koret setninga.

Ein finner denne teknikken som eit grunnelement i fleire ulike musikktradisjonar. Det er ei vanleg oppbygging av musikken i folkesong innan mange kulturar, både i den gamle og den nye verda. I klassisk europeisk musikk er strukturen kjend som antifoni. Rop og svar er elles kjend frå arbeidssongar, som sjantiar.[1] Teknikken er også kjend frå afroamerikansk musikk, frå slavesongar til gospel, blues og avleidde sjangrar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Dra til sjøs, for en sjanger», fib.no (på norsk bokmål), henta 19. desember 2019