Call It Stormy Monday (But Tuesday Is Just As Bad)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Call It Stormy Monday (But Tuesday Is Just As Bad)
av T-Bone Walker
A-side «I Know Your Wig Has Gone»
Utgjeve November 1947
Innspelt Hollywood i California, 13. september 1947[1]
Sjanger Blues
Lengd 3:00
Selskap Black & White
Låtskrivar(ar) Aaron Walker Mal:A.k.a. T-Bone Walker
Produsent Ralph Bass
T-Bone Walker-kronologi
«Bobby Sox Blues»
(1946)
Call It Stormy Monday (But Tuesday Is Just As Bad) «Long Skirt Baby Blues»
(1947)


«Call It Stormy Monday (But Tuesday Is Just as Bad)» (ofte berre kalla «Stormy Monday») er ein song skriven og spelt inn av den amerikanske elektrisk gitar-pioneren T-Bone Walker. Det er ein langsam 12-taktsblues framført i West Coast blues-stil med Walker sin mjuke, klagande vokal og særprega gitarspeling. I tillegg til at det vart ein hit i 1948, inspirerte han B.B. King og andre til å byrje å spele elektrisk gitar. «Stormy Monday» vart den mest kjende og mest innspelte songen til Walker.

I 1961 gjorde Bobby «Blue» Bland igjen songen populær og han gjekk inn på poplistene. Bland introduserte eit nytt arrangement med nokre endra akkordar, som vart nytta i dei mange seinare utgåvene. Versjonen hans vert òg feilaktig kalla «Stormy Monday Blues», som vart kopiert og som førte til at honorara som låtskrivar gjekk til andre enn Walker. The Allman Brothers Band spelte inn ein lengre versjon av songen på det første konsertalbumet deira i 1971, med fleire endringar i arrangementet. Albumet og konsertane deira vart populære og «Stormy Monday» vart kjend for eit rockepublikum. På liknande vis fekk R&B-songaren Latimore ein hit i 1973 som vart populær hos R&B-publikum.

«Stormy Monday» er ein av dei mest populære bluesstandardane og det er spelt inn mange utgåver. Songen er inkludert Grammy Hall of Fame, Rock and Roll Hall of Fame og Blues Foundation Hall of Fame, i tillegg til at han er bevart i amerikanske Library of Congress sitt National Recording Registry.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

T-Bone Walker var ein av dei første musikarane som brukte elektrisk gitar.[2] Etter å ha flytta til Los Angeles kring 1936 byrja han å spele fast på klubbar langs Central Avenue, som då var sentrum av jazz- og bluesmiljøet i byen.[3] Han byrja som songar og dansar i jazz- og tidlege jump-blues-band, som Les Hite and his orchestra, men innan 1940 spelte han elektrisk gitar og song i sine eigne små comboar.[4] Den særeigne jazz-aktige bluesgitar-stilen hans og showmannen han var, som å spele gitar på hovudet og gjere splitthopp, gjorde at han vart lagt merke til av Capitol Records.

I juli 1942 spelte Walker inn «Mean Old World» og «I Got a Break, Baby» som ein av dei første artistane for det Los Angeles-baserte plateselskapet.[5] Musikkritkaren Bill Dahl skildra songane som «det første teiknet på den T-Bone Walker som den bluesgitarelskarar kjende og elska, hans flytande, elegante riff og rolege, polerte vokal som sette standarden som alle framtidige bluesgitaristar målte seg mot».[6] Kort tid etter vart platekarrieren hans avbroten av musikarstreiken 1942-1944 og av at skjellakk, som vart nytta til å lage grammofonplater på den tida, vart nytta i krigsindustrien i andre verdskrigen. I 1946 hadde Walker fått kontrakt med produsenten Ralph Bass og Black & White Records. Forskjellige kjelder har forskjellig innspelingsdato for songen, men «Call It Stormy Monday (But Tuesday Is Just as Bad)» kom ut på singel i november 1947.[1]

Samstundes gjekk «Stormy Monday Blues», ein jazzsingel av Earl Hines and His Orchestra med Billy Eckstine på vokal til topps på Billboard si Harlem Hit Parade-liste i 1942 og nådde òg 23. plassen på poplista.[7] Songen vart tilskriven Eckstine, Hines og Bob Crowder, og betod av eit storbandarrangement med ulik tekst og inneheld ikkje orda «stormy» eller «Monday». At både Walker og Eckstine/Hines-songen hadde «Stormy Monday» i tittelen har ført til forvirring omkring kven som skreiv songen og kva den eigentlege tittelen er.[8]

Innspeling og komposisjon[endre | endre wikiteksten]

T-Bone Walker på American Folk Blues Festival i 1972.

Det er ulike soger om innspelinga av «Call It Stormy Monday (But Tuesday Is Just as Bad)». I eit intervju hevda Walker at han spelte inn songen i 1940, «like før krigen» (USA gjekk inn i krigen 7. desember 1941), men vart ikkje gjeven ut før etter krigen på restriksjonar på materiell.[8] Journalisten Dave Dexter, som arbeidde for Capitol Records tidleg i 1940-åra, meinte at Walker spelte inn songen for Capitol før Eckstine/Hines-songen (mars 1942), men at han ikkje kom ut fordi det ikkje var nok skjellakk tilgjengeleg og det var musikarstreik.[5] Den første singelen til Walker som bandleiar, «Mean Old World», som vart spelt inn i juli 1942 var derimot gjeven ut i 1945 på Capitol.[9] Ei anna kjelde plasserer innspelinga av «Stormy Monday» til 13. september 1947, under den tredjde innspelinga hans for Black & White Records.[1] Bluesskribenten Jim O'Neal har skrive at bluesdiskografiar ikkje syner ein innspelingsdato før 1947.[8]

Innspelinga fann stad i Hollywood i California, og var produsert av Black & White-produsenten Ralph Bass. «Stormy Monday» vart framført i ein «club combo» eller West Coast-blues-stil[10] med eit lite band som akkompagnement. Stilen, som ein kan høyre på «Driftin' Blues» (ein av dei største hittane i 1940-åra),[11] skapar ei meir intim, musikalsk setting enn den dominerande jump-blues dansesal-stilen.[10] Walker vart akkompagnert av pianistem Lloyd Glenn, bassisten Arthur Edwards, trommeslagaren Oscar Lee Bradley, trompetisten John «Teddy» Bruckner og tenorsaksofonisten Hubert «Bumps» Myers.[1] Ein viktig del av songen er den dominerande gitaren til Walker og mykje bruk av noneakkordar,[12] som gjev songen ein særeigen stil. Forfattaren Aaron Stang sa: «Den verkelege lyden av dette riffet er basert på at han starta kvar noneakkord ein heilt steg (to band) over og glir ned. Om me skulle annalysere denne rørsla så er første akkorden teknisk sett ein 13. akkord som vert løyst ut i ein noneakkord».[12] Walker speler òg ein 12-takts gitarsolo på ein enkel streng, som Lenny Carlson har skildra som «hovudsakleg i det mellomste registeret, men det inneheld nokre perler, nemleg bruken av rom, frasering og melodisk utvikling».[13] Blåsarane har blitt samnalikna med blåsarane til Kansas City jazz-banda til Count Basie i 1930-åra.[13]

Walker bruker ein standard I-IV-V 12-taktsblues-struktur for songen og han er oppført i 12/8-takt i G-dur med eit tempo på kring 66 slag i minuttet.[14] Teksten fortel om ein tapt kjærleik gjennom dagane i veka og byrjar med måndag: «They call it stormy Monday, but Tuesday's just as bad». Stemninga betrar seg på fredag når «ørna flyg», som er ein metafor for lønningsdag, slik at ein kan dra ut på laurdag.[15] Teksten endar med sundag og ei bøn om hjelp frå Herren fordi songen er «galen etter jenta si», «Crazy about my baby, yeah send her back to me».[15]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Black & White Records gav ut «Call It Stormy Monday (But Tuesday Is Just as Bad)» i november 1947.[1] Han gjekk inn på Billboard's Most Played Juke Box Race Records-lista 24. januar 1948, og nådde femteplassen i løpet av dei seks vekene han låg inne på lista.[16] Det var den nest høgaste plasseringa T-Bone Walker oppnådde («Bobby Sox Blues» frå 1947 nådde tredjeplassen).[16] I følgje ein artikkel i Billboard for 30. april 1949, var singelen «ein solid seljar» for Black & White, sjølv om han hadde vore ute sidan 1947.[17] Artikkelen annonserte at Capitol Records kjøpte alle utgjevingane og unytta opptak av Black & White og med det òg dei fire åra som var att av kontrakten til Walker.[17] To månader seinare, i juni, gav Capitol ut singelen på nytt.[18]

Walker laga fleire forskjellige studio- og konertopptak av songen for forskjellige plateselskap gjennom karrieren.[19][20][21] I 1956 spelte han inn ein versjon kalla «Call It Stormy Monday» med pianisten Lloyd Glenn, bassisten Billy Hadnott og trommeslagaren Oscar Bradley (Glenn og Bradley hadde spelt på originalinnspelinga i 1947).[1][22] Han vart produsert av Nesuhi Ertegun og kom ut i 1959 på albumet T-Bone Blues for Atlantic Records.[22][23] Forfattaren Bill Dahl skildra nyinnspelinga som «luksuriøs» med gitaren til Walker «så krystallklår at det verkar som om han sit ved sidan av deg».[24] Ei anna innspeling, kalla «Stormy Monday», kom ut i 1968 på albumet Stormy Monday Blues for Bluesway Records.[25] Ei seinare innspeling av songen, som nytta andre akkordar, vart nytta i The Sounds of American Culture-serien på NPR i 2008.[15]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

I 1983 vart originalinnspelinga til T-Bone Walker, «Call It Stormy Monday (But Tuesday Is Just as Bad)», innlemma i Blues Foundation Blues Hall of Fame i kategorien «Classic of Blues Recording — Single or Album Track».[26] I den samanhengen kalla Jim O'Neal songen «ikkje berre ein av dei viktigaste innspelingane i blueshistoria, men i gitarhistoria òg».[26] I 1991 vart han innlemma i Grammy Hall of Fame.[27] Songen vart teken med på lista over 500 songar som forma rock and roll av Rock and Roll Hall of Fame i 1995.[28] I 2007 vart songen innlemma i Library of Congress sitt National Recording Registry for «innspelingar som er kulturelt, historisk eller estetisk viktige».[29]

B.B. King-biografen David McGee kalla songen «Mount Rushmore for bluessongar».[30] I fleire intervju har B.B. King sagt at «Stormy Monday» inspirerte han til å byrje å spele elektrisk gitar:[30] «Den størst musikalske gjelda mi har eg til T-Bone ...'Stormy Monday' var den første melodien. 'They call it Stormy Monday', song T-Bone, 'but Tuesday's just as bad'. Ja, Herre! Den første linja, dei første spanande tonane, den første lyden av gitaren hans, og haldninga i røysta hans var fascinerande. Eg elska særskild 'Stormy Monday'—og eg syng han framleis i dag.»[30]

I følgje musikkskribenten Charles Shaar Murray var òg andre musikarar inspirerte til å spele elektrisk gitar etter å ha høyrt Walker-songen, som Clarence «Gatemouth» Brown, Lowell Fulson og Albert King.[31]

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

«Stormy Monday» har blitt ein standard innan blues og har òg fått breiare appell.[2][12][26] I tillegg til å vere naudsynt for nesten alle bluesmusikarar, er songen kjend innan andre sjangrar òg, som elles ikkje spelte blues.[26] Populariteten er slik at ei leksikonoppføring skreiv «Kva for ein bluesmann har ikkje spelt sin eigen versjon?».[2] Billy Vera skreiv «ver heilt sikker, medan du les desse orda, er det nokon ein stad som speler 'Call It Stormy Monday'».[1]

Forvirring over namnet[endre | endre wikiteksten]

På grunn av lengda, «Call It Stormy Monday (But Tuesday Is Just as Bad)» vert tittelen ofte forkorta til «Call It Stormy Monday» eller som regel berre «Stormy Monday». Forvirrande nok vert han stundom òg kalla «Stormy Monday Blues», den same tittelen som songen frå 1942 av Billy Eckstine og Earl Hines. I følgje T-Bone Walker gav han songen ein lang tittel for at han skulle skilje seg ut.[8] Men problemet byrja då andre artistar byrja å bruke dei forkorta namna. Walker skulda Duke Records-eigaren Don Robey for å ha brukt den feilaktige tittelen for sine artistar, inkludert utgåva til Bobby Bland frå 1962, som kom ut som «Stormy Monday Blues».[8][32] Bland si utgåve, som vart ein hit på R&B- og poplista, vart sidan kopiert av andre artistar, som òg brukte den feilaktige tittelen.[8] På grunn av dette mista Walker royalties då songen vart feilaktig kalla «Stormy Monday Blues» og dei gjekk til Eckstine, Hines og Crowder i staden.[26] Sjølv om hitversjonen til Latimore frå 1973 av songen vart kalla «Stormy Monday», er singelen feilaktig oppført med «Hines-Eckstine» som komponistar.[33]

Bobby Bland-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Den amerikanske soulsongaren Bobby Bland spelte inn si tolking av songen i Nashville i september 1961 same dagen han spelte inn «Turn On Your Love Light».[34] Trommeslagaren John «Jabo» Starks sa: «T-Bone Walker sin 'Stormy Monday Blues' skulle visstnok vere ein 'bortkasta' melodi. Me var alt ferdig med albumet og Bobby sa. 'Hei, eg har lyst å gjere denne melodien. La oss gjere denne, berre for meg.' Me sa 'Ok', og me sat der og gjorde han, berre rytmeseksjonen. Eg trur det var to opptak. Wayne Bennett, gitaristen, ønskte å gjere noko annleis. Hamp Simmons frå Houston spelte ein gammal Kay elektrisk bass.»[34]

I staden for å kopiere arrangementet til Walker, kjende Bland at han måtte gjere noko anna med songen.[34] Mellom anna byta han ut enkelte akkordar frå takt sju til ti:[35]

I7 IV9 I7 I7 IV9 IV9 I7–ii7 iii7iii7 ii7 V9 I7–IV9 I7–V9

Denne moll-akkordprogresjonen vart nytta i fleire av songane til Bland, mellom anna gjennombrotssongen hans «Farther Up the Road» frå 1957, og finst i mange seinare utgåver av «Stormy Monday». Gitaristen Wayne Bennett kommenterte at han var inspirert av T-Bone Walker og Pee Wee Crayton. Spelinga til Bennett på innspelinga inspirerte mange gitaristar, som Duane Allman.[34]

Då Duke Records gav ut Bland si utgåve, fekk han tittelen «Stormy Monday Blues». Singelen nådde femteplassen i løpet av 13 veker på R&B-lista.[16] Han vart òg inkludert på albumet hans Here's the Man! i 1962, som nådde 53. plassen på Billboard-lista.[34] I tillegg nådde «Stormy Monday» 43. plassen på poplista og Bland deltok for fjerde gongen på fjernsynsprogrammet American Bandstand, der han framførte songen for dansande tenåringar.[34]

The Allman Brothers Band-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Duane Allman i Fillmore East, 26. juni 1971.

Brørne Duane og Gregg Allman byrja å spele «Stormy Monday» med den tidlege gruppa si, The Allman Joys, og vart seinare ein del av repertoaret til Allman Brothers Band.[36] I mars 1971 framførte dei songen på Fillmore East i New York City og denne vart gjeven ut i 1971 på At Fillmore East.[37] Versjonen deira er basert på Bobby Bland-innspelinga frå 1961,[35] men strekt ut til over åtte minuttar med improviserte soloar. I slutten av takt 8 erstatta dei ♭III7-akkorden. I tillegg erstatta dei V9 akkorden i takt 10 med ein IVmin7 og akkorden i takt 12 med ein Vaug.[38]

Instrumenteringa på songen er typisk for gruppa med vokal, to elektriske gitarar, bassgitar, orgel og trommer.[37] Han demonstrerer ein annan musikkstil med eit meir langsamt tempo.[36] Duane Allman spelte den første soloen, medan orgelet til Gregg Allman gjev det ein jazz-vals-kjensle, og gitarsoloen til Dickey Betts er det siste før det avsluttande songpartiet.[36] Ved hjelp av nøye klipping, vart ein munnspelsolo av Thom Doucette fjerna frå den utgjevne versjonen i 1971. Denne var inne att i songen i 1992 på utgjevinga The Fillmore Concerts.[36] At Fillmore East vart eit av dei mest populære albuma til The Allman Brothers Band og for mange rockefans vart «Stormy Monday» den definitive versjonen av songen.[36]

Latimore-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Den amerikanske R&B-songaren Latimore spelte inn «Stormy Monday» i 1973. Versjonen hans var ein livleg, jazzaktig versjon basert på ei 1962-innspeling av Lou Rawls som varpå albumet hans Stormy Monday med Les McCann.[39] I følgje musikkskribenten David Whiteis, «var den drivande og popaktige rytmen og den jublande, direkte vokalen til Latimore gjorde denne utgåva av klassikaren heilt til hans eigen».[39] Songen vart ikkje først marknadsført som ein potensiell hitsingel, men radiopublikummet var så positive at det vart den første store hitten hans.[39] «Stormy Monday» nådde til slutt 27. plassen på R&B-lista og 102. plassen på poplista[16] og er med på det sjølvoppkalla debutalbumet til Latimore for Glades Records.[40]

Innspelingar av andre artistar[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til utgåvene som gjekk inn på hitlistene var det mange andre innspelingar av «Stormy Monday»:[41]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 Woolard, Steve; Vera, Billy (2000). Blues Masters: The Very Best of T-Bone Walker (CD notes). T-Bone Walker. Los Angeles: Rhino Records. s. 13, 10. OCLC 44970744. R2 79894. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Herzhaft, Gerard (1992). «Stormy Monday». Encyclopedia of the Blues. Fayetteville, Arkansas: University of Arkansas Press. s. 472–473, 356. ISBN 1-55728-252-8. 
  3. Kelson, Jack (1999). Central Avenue Sounds: Jazz in Los Angeles. Oakland, California: University of California Press. s. 218. ISBN 978-0-520-22098-0. 
  4. Shadwick, Keith (2007). «T-Bone Walker». The Encyclopedia of Jazz & Blues. London: Quantum Publishing. s. 421. ISBN 978-0-681-08644-9. 
  5. 5,0 5,1 Dance, Helen Oakley (1987). Stormy Monday: The T-Bone Walker Story. Baton Rouge, Louisiana: Louisiana State University Press. s. 89–91. ISBN 978-0-8071-2458-1. 
  6. Dahl, Bill (1996). «T-Bone Walker». I Erlewine, Michael. All Music Guide to the Blues. San Francisco: Miller Freeman Books. s. 261. ISBN 0-87930-424-3. 
  7. Whitburn 1988, s. 191.
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 8,5 O'Neal, Jim; van Singel, Amy (2001). The Voice of the Blues: Classic Interviews from Living Blues Magazine. New York City: Routledge. s. 147–148. ISBN 978-0-415-93653-8. 
  9. Billboard (3. november 1945). «Advance Record Releases». Billboard (New York City: Nielsen Business Media) (44): 77. ISSN 0006-2510.  Den ukjende parameteren |volum= vart ignorert (hjelp)
  10. 10,0 10,1 Cogdell Djedje, Jacqueline; Meadow, Eddie S. (1998). California Soul: Music of African Americans in the West. Oakland, California: University of California Press. s. 225, 235. ISBN 978-0-520-20628-1. 
  11. Hannusch, Jeff (1992). Driftin' Blues: The Best of Charles Brown (CD booklet). Charles Brown. Hollywood, California: Aladdin Records. s. 4. OCLC 35283852. CDP-7-97989-2. 
  12. 12,0 12,1 12,2 Stang, Aaron (1998). 21st Century Gitar Song Trax 3. Los Angeles: Alfred Music. ISBN 978-0-7692-6020-4. 
  13. 13,0 13,1 Carlson, Lenny (2006). «Stormy Monday». I Komara, Edward. Encyclopedia of the Blues. New York City: Routledge. s. 933–934. ISBN 978-0-415-92699-7. 
  14. «(They Call It) Stormy Monday». Musicnotes.com. Henta 6. januar 2021. 
  15. 15,0 15,1 15,2 «T-Bone Walker's 'Stormy Monday'». NPR Music. Henta 7. januar 2021. 
  16. 16,0 16,1 16,2 16,3 Whitburn, Joel (1988). Top R&B Singles 1942–1988. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research. s. 429, 45, 251. ISBN 0-89820-068-7. 
  17. 17,0 17,1 «Walker to Cap;[sic] Close B&W Deal for T-Bone Wax». Billboard (New York City: Nielsen Business Media) (18): 19. 30. april 1949. ISSN 0006-2510.  Den ukjende parameteren |volum= vart ignorert (hjelp)
  18. «Advance Race Records Releases». Billboard (New York City: Nielsen Business Media) (24): 29. 11. juni 1949. ISSN 0006-2510.  Den ukjende parameteren |volum= vart ignorert (hjelp)
  19. «T-Bone Walker: Call It Stormy Monday (But Tuesday Is Just as Bad) – Appears On». AllMusic. Henta 6. januar 2021. 
  20. «T-Bone Walker: Call It Stormy Monday – Appears On». AllMusic. Henta 6. januar 2021. 
  21. «T-Bone Walker: Stormy Monday – Appears On». AllMusic. Henta 6. januar 2021. 
  22. 22,0 22,1 T-Bone Blues (Album notes). T-Bone Walker. New York City: Atlantic Records. 1959. Back cover. OCLC 6881022. 8020-2. 
  23. Blues Foundation (2009). «2009 Hall of Fame Inductees: T-Bone Blues (Atlantic, 1959) – T-Bone Walker». The Blues Foundation. Henta 6. januar 2021. 
  24. Dahl, Bill. «T-Bone Walker: T-Bone Blues – Album Review». AllMusic. Henta 6. januar 2021. 
  25. T-Bone Walker: Stormy Monday Blues (Album notes). T-Bone Walker. BluesWay Records. 1968. Back cover. OCLC 7792329. BLS-6008. 
  26. 26,0 26,1 26,2 26,3 26,4 O'Neal, Jim (1983). «1983 Hall of Fame Inductees: Call it Stormy Monday (But Tuesday is Just as Bad) – T-Bone Walker (Black & White, 1947)». The Blues Foundation. Henta 6. januar 2021. 
  27. «Grammy Hall of Fame Awards – Past Recipients». Grammy.org. 1991. Henta 6. januar 2021. 
  28. «500 Songs That Shaped Rock and Roll». Rock and Roll Hall of Fame. 1995. Arkivert frå originalen 2007. Henta 6. januar 2021. 
  29. «Complete National Recording Registry Listing». U.S. Library of Congress. Henta 6. januar 2021. 
  30. 30,0 30,1 30,2 McGee, David (2005). B.B. King: There is Always One More Time. San Francisco: Backbeat Books. s. 25–26. ISBN 978-0-87930-843-8. 
  31. Murray, Charles Shaar (2000). Boogie Man: The Adventures of John Lee Hooker in the American Twentieth Century. New York City: St. Martin's Press. s. 105. ISBN 978-0-312-26563-2. 
  32. Bland's Duke single includes a writer's credit for «A. Walker», while the LP lists Billy Eckstine and Earl Hines.
  33. Stormy Monday (Single label). Latimore. Glades Records. OCLC 24614436. 1716. 
  34. 34,0 34,1 34,2 34,3 34,4 34,5 Farley, Charles (2011). Soul of the Man: Bobby «Blue» Bland. Jackson, Mississippi: University Press of Mississippi. s. 111–115. ISBN 978-1-60473-919-0. 
  35. 35,0 35,1 Rubin, Dave (1998). Gitar Player Sessions: Licks & Lessons from the World's Greatest Gitar Players and Teachers. San Francisco: Backbeat Books. s. 12–14. ISBN 978-0-87930-503-1. 
  36. 36,0 36,1 36,2 36,3 36,4 Poe, Randy (2006). Skydog: The Duane Allman Story. San Francisco: Backbeat Books. eBook. ISBN 978-0-87930-891-9. 
  37. 37,0 37,1 At Fillmore East (Album notes). The Allman Brothers Band. Nashville, Tennessee: Capricorn Records. 1971. Back cover. OCLC 4696818. SD2-802. 
  38. Brown, Robert (2006). Introducing Jazz for the Rock Gitarist. Los Angeles: Alfred Music. s. 37. ISBN 978-0-7390-2567-3. 
  39. 39,0 39,1 39,2 Whiteis, David (2013). Southern Soul-Blues. Champaign, Illinois: University of Illinois Press. s. 40. ISBN 978-0-252-03479-4. 
  40. «Latimore – Album Overview». AllMusic. Henta 6. januar 2021. 
  41. «Search results for Stormy Monday». AllMusic. Henta 6. januar 2021.