Call Me the Breeze

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Call Me the Breeze
Song av JJ Cale
frå albumet Naturally
Utgjeve 1972
Innspelt 1970
Sjanger Bluesrock
Lengd 2:37
Selskap Mercury
Låtskrivar(ar) JJ Cale
Produsent Audie Ashworth

«Call Me the Breeze» er ein rockesong av JJ Cale. Han kom først ut på debutplata hans frå 1972, Naturally, og var opningssporet der. Songen består av ein 12-takts blues gitar-shuffle og nyttar ei tidleg utgåve av ein trommemaskin.

Lynyrd Skynyrd-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Call Me the Breeze
Song av Lynyrd Skynyrd
frå albumet Second Helping
Utgjeve 1974
Innspelt 1973-1974
Sjanger Bluesrock, hardrock, southern rock, boogierock, rock and roll
Lengd 5:09
Selskap Sounds of the South, MCA
Låtskrivar(ar) JJ Cale
Produsent Al Kooper

Som mange av Cale sine songar er «Call Me the Breeze» blitt spelt mange gonger av forskjellige artistar, mest kjend av Lynyrd Skynyrd på albumet deira Second Helping (1974) og på konsertplata One More from the Road (1976), Mason Proffit i 1972 på albumet deira Rockfish Crossing, Bobby Bare på albumet sitt Bobby Bare - The Country Store Collection (1988), Johnny Cash på albumet sitt Water from the Wells of Home (1988) med sonen John Carter Cash, John Mayer i 2013 på albumet hans Paradise Valley og songaren Alan Price i 1977 på albumet hans Two of a Kind med Rob Hoeke. Mange av coverversjonane er spelte inn som hyllestar til Lynyrd Skynyrd. Til dømes av Les Claypool på albumet Under The Influence, A Jam Band Tribute to Lynyrd Skynyrd.[1]

Eric Clapton-utgåva[endre | endre wikiteksten]

They Call Me the Breeze
Singel av Eric Clapton
frå albumet The Breeze: An Appreciation of JJ Cale
Utgjeve 30. juni 2014
Sjanger Rock · poprock
Lengd 2:53
Selskap Surfdog · Polydor
Låtskrivar(ar) JJ Cale
Produsent Clapton · Simon Climie
Eric Clapton-kronologi
«All of Me»
(2013)
They Call Me the Breeze «Don't Wait»
(2014)


JJ Cale framførte songen i lag med den gamle venen Eric Clapton på Crossroads Guitar Festival i 2004.[2] Seinare, etter at Cale var død, spelte Clapton inn fleire av songane til Cale.[3] I 2014 gav han ut hyllestalbumet The Breeze: An Appreciation of JJ Cale, Clapton spelte inn songen med den originale trommemaskinlyden i byrjinga.[4]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2014) Plassering
Belgia (Ultratip Flandern)[5] 52
Belgia (Ultratip Vallonia)[6] 16
Poland (LP3)[7] 23

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Under the Influence: A Jam Band Tribute to Lynyrd Skynyrd – Various Artists | Songs, Reviews, Credits, Awards | AllMusic». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 14. september 2018. 
  2. «JJ Cale, Eric Clapton (After Midnight & Call me the Breeze)». Ant Varandonis. youtube.com. Henta 14. september 2018. 
  3. «Eric Clapton - Baloise Session – Basel Sveits 2013». youtube.com. Henta 14. september 2018. 
  4. «Eric Clapton discusses «The Breeze (An Appreciation of JJ Cale)»». Eric Clapton. youtube.com. Henta 14. september 2018. 
  5. "Ultratop.be – Eric Clapton – They Call Me The Breeze" (på nederlandsk). Ultratip. ULTRATOP & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 14. september 2018.
  6. "Ultratop.be – Eric Clapton – They Call Me The Breeze" (på fransk). Ultratip. ULTRATOP & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 14. september 2018.
  7. «Call Me the Breeze – Eric Clapton» (på polsk). LP3. Henta 14. september 2018.