Calling Occupants of Interplanetary Craft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Calling Occupants of Interplanetary Craft
Singel av Klaatu
frå albumet 3:47 EST
B-side «Sub-Rosa Subway»
Utgjeve 1976
Innspelt 1976
Sjanger Progressiv rock, spacerock, psykedelisk rock
Lengd 3:23 (singel), 7:14 (album)
Selskap Daffodil
Låtskrivar(ar) Terry Draper, John Woloschuk
Produsent Klaatu
Calling Occupants of Interplanetary Craft
Singel av The Carpenters
frå albumet Passage
B-side «Can't Smile Without You»
Utgjeve September 1977
Innspelt 1977
Sjanger Poprock, softrock
Lengd 7:06 (album), 3:59 (singel)
Selskap A&M
Låtskrivar(ar) Klaatu
Produsent Richard Carpenter
The Carpenters-kronologi
«All You Get from Love Is a Love Song»
(1977)
Calling Occupants of Interplanetary Craft «The Christmas Song (Chestnuts Roasting on an Open Fire)»
(1977)


«Calling Occupants of Interplanetary Craft (The Recognized Anthem of World Contact Day)» er ein song av Klaatu, opphavleg gjeve ut i 1976 på det første albumet deira 3:47 EST. Songen opna nattsendinga på piratradiostasjonen Radio Caroline. Året etter songen kom ut spelte The Carpenters inn songen, med hjelp av 160 musikarar. Begge versjonane av singlane hadde det fulle namnet på omslaget (men Carpenters hadde undertittelen i lita skrift). På seinare singelutgåve for Klaatu var tittelen korta ned til «Calling Occupants».

Opphav[endre | endre wikiteksten]

John Woloschuk, medlem i Klaatu og ein av dei som skreiv songen sa:

Ideeln for denne songen kom av ei faktisk hending som var skildra i The Flying Saucer Reader, ein bok av Jay David frå 1967. I mars 1953 skal ein organisasjon kalla «International Flying Saucer Bureau» send ein bulletin til alle medlemmane sine der dei bad dei delta i eit eksperiment kalla «World Contact Day», der dei til ein fastsett dato og tidspunkt i lag skulle prøve å sende ut ei telepatisk melding til vitjande frå det ytre rommet. Meldinga byra med «Calling occupants of interplanetary craft!»[1]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1977) Plassering
U.S. Billboard Hot 100 62
Canada RPM 100 Singels 45

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

[2]

The Carpenters-versjonen[endre | endre wikiteksten]

The Carpenters-versjonen vart gjeven ut på Passage og fleire samlealbum. Singelen vart ein suksess og mange skreiv brev til duoen der dei spurte når World Contact Day (verdas kontaktdag) skulle vere. Songen kom ut kort tid før Steven Spielberg-filmen med liknande tema, Nærkontakt av tredje grad kom ut, november same året. Ein del av songen kan høyrast i filmen The Wolverine frå 2013.

Carpenters-versjonen opna med ein radioprat på eit innringingsprogram, som får ein telefon frå ein «Mike Ledgerwood». Då DJen spør Mike om eit songynske svarar ei romvesenstemme. Radioprataren på songen var gitaristen til Carpenters, Tony Peluso, som i musikkvideoen òg spelar denne radioprataren.[3]

Singelomslaget vart måla av Star Trek-designeren Andrew Probert.

I april 2011 vart songen nytta i BBC-serien Wonders of the Solar System, leia av dr. Brian Cox.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1977) Plassering
U.S. Billboard Hot 100 32
U.S. Cash Box Top 100 23
U.S. Billboard Adult Contemporary 18
Canadian Singles Chart 9
UK Singles Chart 9
Irish Singles Chart 1

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Woloschuk, John. «Klaatu Track Facts» (quote used by permission). The Official Klaatu Homepage. Henta 9. februar 2015. 
  2. http://www.klaatu.org/
  3. «Carpenters official web site:». Passage album notes. Henta 9. februar 2015.