Calvaria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Calvariae)
Calvaria

Calvaria, ofte kjend som kalotten eller skalletaket, er den øvre og skålforma delen av hjerneskallen som dekkar kraniehola der hjernen ligg.[1] Calvaria er samansett av dei øvre delane av pannebeinet, bakhovudbeinet og issebeina.[2] Hjå menneske plar skallesaumane vera fleksible dei første åra av postnatal utvikling, og fontanellene er følbare. Prematur forbeining av desse saumane blir kalla kraniosynostose.

Struktur[endre | endre wikiteksten]

Calvaria er eit motstandsdyktig byggverk

Den ytre overflata av skallen har ei rekkje kjennemerke. Punktet der pannebeinet møter issebeina er kjent som «bregma». Punktet der issebeina møter bakhovudbeinet er kjent som «lambda». Desse kjennemerka indikerer fontanellen hjå nyfødde, og blir brukt som antropometriske målepunkt i medisin og kirurgi.

Den indre overflata av skalletaket er konkav og har fleire søkk der foldene i storhjernen brer seg. Den har òg fleire furar der blodårene til hjernehinnene ligg. Langs midtlinja går ei langstrekt grop, noko smal framme, der pannebeinskammen tek til, men smalare bak; den inneheld sinus sagittalis superior, og gjev feste til sigdfolda langs marginane. På begge sider finst fleire søkk for dei araknoidale granulasjonane, og eit bakstykke med fleire opningar, foramen parietale, som stundom er fråverande.

Skalletaket er kryssa framom av koronarsaumen og bakanom av lambdasaumen, medan pilsaumen ligg i midtplanet mellom issebeina.[3][4][5]

Lag[endre | endre wikiteksten]

Det ytre laget av skallen er fjerna for å vise venae diploicae og innerlaget

Storparten av knoklane i skalletaket er samansett av fleire indre og ytre lag av kompakt knokkelvev, fråskild av diploë. Diploë er eit svampaktig knokkelvev som inneheld beinmerg, og som er gjennombora av fleire kanalar forma av eit veneflettverk, dei klaffelause venene.[6][7] Diploë i eit turka skalletak er ikkje raudt, sidan proteinet har vorte fjerna i førebuinga av kraniet. Det inste knokkellaget er tynnare enn det ytre, og somme stadar finn ein berre tynne lag av kompakt knokkelvev, utan noko diploë.[8]

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Hjå fosteret blir skalletaket danna gjennom ein prosess kjent som intramembranøs ossifikasjon, medan skallebasis, som ligg under hjernen, blir danna gjennom endokondral ossifikasjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Walberg, Fred (14. februar 2009). «hodeskallen». Store norske leksikon. Henta 27. februar 2015. 
  2. Tubbs, R. Shane; Bosmia, Anand; Cohen-Gado, Aaron (27. november 2011). «The human calvaria: a review of embryology, anatomy, pathology, and molecular development». Child's Nervous System 28 (1): 23—31. 
  3. Holck, Per (13. februar 2009). «koronarsømmen». Store medisinske leksikon. Henta 27. februar 2015. 
  4. Holck, Per (13. februar 2009). «lambdasømmen». Store medisinske leksikon. Henta 27. februar 2015. 
  5. Holck, Per (5. november 2014). «pilsøm». Store medisinske leksikon. Henta 27. februar 2015. 
  6. Holck, Per (13. februar 2009). «diploë». Store medisinske leksikon. Henta 27. februar 2015. 
  7. Walberg, Fred (14. februar 2009). «diploe». Store norske leksikon. Henta 27. februar 2015. 
  8. Moore, K. L.; Daly, A. F.; Agur, A. M. R. (2010). Clinically Oriented Anatomy (6. utg. utg.). Baltimore: Lippincott Williams and Wilkins. s. 1168. ISBN 978-0-7817-7525-0. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Vidare lesnad
  • Tubbs, R. Shane; Loukas, Marios; Shoja, Mohammadali M.; Apaydin, Nihal; Salter, E. George; Oakes, W. Jerry (2008). «The intriguing history of the human calvaria: sinister and religious». Child's Nervous System (ChNS) Springer-Verlag (Tyskland) 24 (4): 417—422.