Cambria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Topografisk kart over Cambria (Wales) med dagens grenser.

Cambria er eit eldre namn for Wales, danna som ei latinisert utgåve av det walisiske (eller kymriske) namnet Cymru. Det kan lett forvekslast med Cumbria nordvest i England.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Orda cymry, 'walisarar', Cimbri og Cymru er avleidd frå gammalwalisisk combrog, som tyder 'landsmann'.[1][2] Både Cumbria og Cumberland har liknande opphav.

Cambria i soga[endre | endre wikiteksten]

Geoffrey av Monmouth fortel i første delen av sin pseudohistorie, Historia Regum Britanniae ('Soga om dei britiske kongane') frå rundt 1136, at Brutus frå Troja hadde tre søner som han delte Britannia mellom etter at han hadde erobra landet. Den eldste sonen Locrinus fekk landet mellom elvene Humber og Severn, og kalla det for Loegria eller Logres (latin for det walisiske namnet Lloegr, 'England'). Den yngste sonen Albanactus fekk alt landet nord for Humber som var Albania ('Skottland'). Den midtre sonen, Kamber, blei gjeven alt landet bortanfor Severn og det fekk namnet «Cambria» etter han. Denne soga var omfattande sitert frå 1100-talet til ut på 1500-talet. Namnet «Cambria» levde vidare i litterært språk.

Oppkallingar[endre | endre wikiteksten]

«Cambria» har gjeve namn til den geologiske perioden kambrium som var for rundt 542 millionar år til 488,3 millionar år sidan. Perioden fekk namnet kambrium av geologen Adam Sedgwick i 1835, etter at han hadde studert bergarter frå denne tidsalderen i Wales.[3]

Det finst fleire småstader som heiter Cambria i USA, til dømes Cambria i California og Cambria i Wisconsin.

Cambria er også eit sjeldant brukt jentenamn i den engelskspråklege verda.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Lambert, P.-Y. (1994): La Langue Gauloise, Éditions errance
  2. Gove, Philip Babcock, red. (2002): Webster's Third New International 'Dictionary. Springfield, MA: Merriam-Webster, s. 321. Oppgjeve av engelske Wikipedia; cymru i etymonline.com.
  3. «Adam Sedgwick (1785–1873)». University of California Museum of Paleontology.
  4. behindthename.com