Campanoøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Campanoøyane

Campanoøyane (italiensk Arcipelago Campano) er ei øygruppe i Tyrrenhavet sørvest for Italia. Ho består av dei fem øyane Capri, Ischia, Nisida, Procida og Vivara, som alle er ein del av provinsen Napoli.

I antikken hadde øygruppa namnet Isole Partenopee (Partenopeeøyane) og inkluderte opphavleg Dei pontinske øyane. I dag vert desse øyane rekna som ei eiga øygruppe.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]