Campbell Crest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 68°30′S 65°27′W
Campbell Crest
fjell
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
Topp Graham Land
 - høgd 1 670 moh.
 - koordinatar 68°30′S 65°27′W
Administrert under Antarktistraktaten

Campbell Crest
68°30′ S 65°27′ W
Campbell Crest is located in Antarktis
Campbell Crest (Antarktis)

Campbell Crest er eit fjell med ei høgd opp mot 1670 moh ved vestenden av Bowditch CrestsBermel Peninsula, på Bowman Coast i Graham Land. Fjellet er det høgaste punktet i Bowditch Crests og vart fotografert under flyturane til sir Hubert Wilkins i 1928 og Lincoln Ellsworth i 1935. Det vart grovt kartlagd frå Ellsworth sine bilete av W.L.G. Joerg i 1937, og seinare fotografert frå lufta av U.S. Antarctic Service i 1940 og U.S. Navy i 1966. Det vart kartlagd av Falkland Islands Dependencies Survey i 1958. Det vart namngjeve av UK Antarctic Place-Names Committee i 1993 etter Jon C. Campbell. Campbell var ein geograf i U.S. Geological Survey (USGS) frå 1981, USGS-medlem i International GPS Campaign ved McMurdo-basen, Byrd-stasjonen og Amundsen-Scott-stasjonen frå 1991-92 og sekretær for Advisory Committee on Antarctic Names under U.S. Board on Geographic Names sidan 1993.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]