Can't Buy a Thrill

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Can't Buy a Thrill
Studioalbum av Steely Dan
Språk engelsk
Utgjeve November 1972
Innspelt August 1972
Studio The Village Recorder i Los Angeles
Sjanger
Lengd 40:58
Selskap ABC
Produsent Gary Katz
Steely Dan-kronologi 
Can't Buy a Thrill Countdown to Ecstasy
(1973)


Singlar frå Can't Buy a Thrill
  1. «Do It Again»
    Utgjeve: November 1972
  2. «Reelin' In the Years»
    Utgjeve: Mars 1973

Can't Buy a Thrill er debutalbumet til det amerikanske rockebandet Steely Dan, gjeve ut i november 1972 på ABC Records. Albumet vart skriven av bandmedlemmane Donald Fagen og Walter Becker, spelt inn i august 1972 i The Village Recorder i Los Angeles, og produsert av Gary Katz. Musikken har ein stram songstruktur innan softrock, folkrock og pop, med filosofisk, elliptiske tekstar.

Albumet seldt godt og nådde 17. plassen på Billboard-lista og nådde til slutt platinaplate. Det fekk òg god kritikk og vart seinare inkludert på mange lister over tidenes beste album, inkludert Colin Larkin-boka All Time Top 1000 Albums (2000) og Rolling Stone si liste over dei 500 beste albuma gjennom tidene.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Steely Dan spelte inn albumet i august 1972[4] i The Village Recorder i Los Angeles.[5] To songar spelt inn under Can't Buy a Thrill-innspelinga vart ikkje med på albumet og gjevne ut på ein singel: «Dallas» med «Sail the Waterway».[6] Dette er det einaste Steely Dan-albumet med David Palmer som solovokalist. Han vart henta inn i bandet fordi Donald Fagen var motvilling til å syngje føre folk på scenen. Trommeslagaren Jim Hodder syng òg solovokal på ein song, «Midnite Cruiser» (stundom skriven «Midnight Cruiser»), i tillegg til at han syng på singelen «Dallas». Då innspelinga av det neste albumet kom i gang, overtydde bandet og produsenten Gary Katz Fagen om å ta rolla som solovokalist aleine.

Musikk og tekst[endre | endre wikiteksten]

I følgje forfattarane Marjorie Galen og Gordon Matthews består Can't Buy a Thrill av livleg softrock.[1] Musikkskribenten Paul Lester sa det nyttar element av mambo, swing, jazz og latin.[7] Stephen Thomas Erlewine skreiv at «det er særs lite av jazzelementa som kom til å prege dei seinare albuma», men la til at den første singelen frå albumet, «Do It Again», bestod av ein stram Latin jazz-rytme, medan den andre singelen «Reelin' In the Years», hadde jazza gitarsoloar og harmoniar.[3] Robert Christgau skildra den førstnemnde songen som ein dempa mambo med «tragisk» tekst om ein «tvangsmessig» tapar.[8]

«Fire in the Hole», med eit «aggressivt, stridande piano» av Fagen, har tittelen frå eit uttrykk amerikanske soldatar sa i Vietnam, og handlar om kvifor så mange studentar klarte å unngå verneplikta seint i 1960-åra og tidleg i 1970-åra (inkludert Becker og Fagen).[9]

Tittel og plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Tittelen på albumet er ein referanse til opningslinja i Bob Dylan-songen «It Takes a Lot to Laugh, It Takes a Train to Cry».[10] Plateomslaget består av ein fotomontasje av Robert Lockart.[11][12] Det inkluderer eit bilete av ei rekkje med prostituerte ståande i eit red-light-område frå Rouen i Frankrike. Det vart valt ut fordi det var relevant til albumtitttelen.[13] Walter Becker og Donald Fagen kommenterte sjølv plateomslag i teksten i omslaget til nyutgjevinga av The Royal Scam, og sa at dette albumet hadde «det styggaste plateomslaget i 1970-åra, kanskje utanom Can't Buy a Thrill).» Plateomslaget vart bannlyst av Francisco Franco sitt Spania og erstatta av eit bilete av bandet på scenen i staden.[14]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Can't Buy a Thrill kom ut i USA på ABC Records i november 1972 og i Storbritannia på Probe Records i januar 1973.[15] Albumet nådde 17. plassen på Billboard Top Pop Albums,[16] og igjen den 22. august 1973 av Dunhill Records.[17] 31. mai 1973 hadde albumet selt til gullplate i USA for 500 000 selte eksemplar, og så til platinaplate 7. september 1993 for 1 million eksemplar.[17]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[3]
Chicago Tribune3.5/4 stars[18]
Christgau's Record GuideA[19]
Encyclopedia of Popular Music5/5 stars[20]
The Great Rock Discography8/10[21]
Music Story4.5/5 stars[21]
MusicHound Rock5/5[21]
Pitchfork8.6/10[22]
The Rolling Stone Album Guide4/5 stars[2]
Tom Hull – on the WebA[23]

Meldinga som stod i Rolling Stone november 1972 var skriven av James Isaacs og sa at Can't Buy a Thrill «utprega seg av tre spor på toppnivå og spreidde, inspirerte augneblink», men meinte at bandet stundom høyrdest «halt» ut.[24] Christgau meinte at det var eit «bra album» med ein hitsingel i meldinga si for Creem. Han meinte tekstane var «skrå, til og med filosofiske ... som passar eit band kalla opp etter ein dildo i ein William S. Burroughs-roman.»[25] I Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies (1981) fortsette han rosen: «Tenk på Dan som det første post-boogiebandet: rytmen svingar meir enn han eksploderer eller koker, akkordsekvensane trassar våre primitive, undermedvitne forventningar, og tekstane understrekar sine eigne vanskar - og vanskane i røyndomen dei skildrar - med vilkårlige personlege indikasjonar, der dei fleste av desse er lureri.»[19]

I ei melding for AllMusic, sa Erlewine at songane «undergrave tradisjonelle konvensjonar» og er «tett konstruert, låst saman med akkordar og grasiøst samanvevne melodiar, oppdriven av smarte, kryptiske tekstar.» Men ha kritiserte vokalisten David Palmer «oversyng ei handfull spor der han syng solo», som fekk Walter Becker og Donald Fagen til å dra fram «sine villaste impulsar med vanlege popteknikkar.»[3] Paul Lester skreiv for BBC Music at albumet var så «fullforma at du knapt vil tru at det er debuten deira» og «stramt konstruerte songar med blendande knaggar, smarte, kryptiske tekstar og vokal som gjev ertande kritikk for dei som vil ha dei.»[7] Rob Sheffield var noko mindre imponert i The Rolling Stone Album Guide (2004), og rekna albumet som «mild folkrock» som vart «gjort mild» av Palmer, som «høyrest ut som han er uroleg for kvar lommeboka hans er».[2]

Can't Buy a Thrill har vore med på mange lister over tidenes beste album.[26] I 2000 vart det plassert på 207. plassen i Colin Larkin-boka All Time Top 1000 Albums.[27] I 2003 vart Rolling Stone rangert på 238. plassen på lista deira over dei 500 beste albuma gjennom tidene,[28] og 240. plassen på den oppdaterte lista frå 2012..[29] I 2020 vart det plassert på 168. plassen på den oppdaterte Topp 500-lista. Basert på slike rangeringar har samlenettsida Acclaimed Music ført opp Can't Buy a Thrill på 549. plassen totalt, 154. plassen for 1970-åra og 13. plassen for 1972.[26]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar skrivne av Donald Fagen og Walter Becker.

Side ein
Nr.TittelSolovokalLengd
1.«Do It Again»Fagen5:56
2.«Dirty Work»Palmer3:08
3.«Kings»Fagen3:45
4.«Midnite Cruiser»Hodder4:07
5.«Only a Fool Would Say That»Fagen med Palmer2:57
Side to
Nr.TittelSolovokalLengd
1.«Reelin' In the Years»Fagen4:37
2.«Fire in the Hole»Fagen3:28
3.«Brooklyn (Owes the Charmer Under Me)»Palmer4:21
4.«Change of the Guard»Fagen med Palmer3:39
5.«Turn That Heartbeat Over Again»Fagen med Palmer og Becker4:58

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Musikarar[endre | endre wikiteksten]

Steely Dan

Studiomusikarar

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album[16]

År Liste Plassering
1973 Pop Albums 17

Pop Singles[30]

År Singel Katalognummer Plassering
1973 «Do It Again» (B-side: «Fire in the Hole») ABC 11338 6
1973 «Reelin' in the Years» (B-side: «Only a Fool Would Say That») ABC 11352 11

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Galen & Matthews 2007, s. 120.
  2. 2,0 2,1 2,2 Sheffield et al. 2004, s. 778–89.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Erlewine, Stephen Thomas. «Can't Buy a Thrill - Steely Dan : Songs, Reviews, Credits, Awards». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 9. januar 2021. 
  4. «Can't Buy a Thrill by Steely Dan». classicrockreview.com. 7. november 2012. Henta 9. januar 2021. 
  5. «Can't Buy A Thrill CD». Rakuten.com. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 9. januar 2021. 
  6. http://www.45cat.com/record/pro562
  7. 7,0 7,1 Lester, Paul (19. februar 2012). «Review of Steely Dan - Can't Buy a Thrill». BBC Music. Henta 9. januar 2021. 
  8. Christgau 1981, s. 370.
  9. Sweet, Brian (2007). «II: Shuffling Up Your Downs». (2007) Steely Dan: Reelin' In The Years (3rd utg.). Wise Publications. s. 94. ISBN 978-1846-09881-9. Henta 9. januar 2021. 
  10. Andy Gill (1998). Don't Think Twice It's Alright. s. 85. ISBN 1-56025-185-9. 
  11. Dimery, Robert (5. desember 2011). 1001 Albums You Must Hear Before You Die. Octopus. ISBN 9781844037148. Henta 9. januar 2021 – via Google Books. 
  12. «Can't Buy A Thrill Album Cover | Pure Music». 5. april 2019. Henta 9. januar 2021. 
  13. «Steely Dan Reviews on Yahoo! Music». Music.Yahoo.com. 11. september 2006. Arkivert frå originalen 11. september 2006. Henta 9. januar 2021. 
  14. «Steely Dan – Can't Buy A Thrill: Probe J062-94.410 (Spain, 1973)». discogs.com. Henta 9. januar 2021. 
  15. Strong, Martin Charles (2004). The Great Rock Discography. Canongate U.S. s. 1449. ISBN 1841956155. Henta 9. januar 2021. 
  16. 16,0 16,1 «Steely Dan Chart History: Billboard 200». Billboard. Henta 9. januar 2021. 
  17. 17,0 17,1 «American album certifications – Steely Dan». Recording Industry Association of America. If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH. Henta 9. januar 2021. 
  18. Kot, Greg (16. august 1992). «Thrills, Scams and Nightflys». Chicago Tribune. Henta 9. januar 2021. 
  19. 19,0 19,1 Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: S». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 9. mars 2019 – via robertchristgau.com. 
  20. Larkin, Colin (2007). Encyclopedia of Popular Music (5th utg.). Omnibus Press. ISBN 978-0857125958. 
  21. 21,0 21,1 21,2 «Can't Buy a Thrill». Acclaimed Music. Arkivert frå originalen 6. mars 2016. Henta 26. desember 2016. 
  22. Geffen, Sasha (20. november 2019). «Steely Dan: Can't Buy a Thrill». Pitchfork. Henta 24. november 2019. 
  23. Hull, Tom (n.d.). «Grade List: Steely Dan». Tom Hull – on the Web. Henta 9. januar 2021. 
  24. Isaacs, James (23. november 1972). «Can't Buy a Thrill». Rolling Stone (New York). Arkivert frå originalen 18. juli 2017. Henta 9. januar 2021. 
  25. Christgau, Robert (April 1973). «The Christgau Consumer Guide». Creem. Henta 9. januar 2021. 
  26. 26,0 26,1 «Steely Dan – Can't Buy a Thrill». Acclaimed Music. Henta 9. januar 2021. 
  27. Colin Larkin (2000). All Time Top 1000 Albums (3rd utg.). Virgin Books. s. 102. ISBN 0-7535-0493-6. 
  28. Levy, Joe; Steven Van Zandt (2006) [2005]. «238 | Can't Buy a Thrill - Steely Dan». Rolling Stone's 500 Greatest Albums of All Time (3rd utg.). London: Turnaround. ISBN 1-932958-61-4. OCLC 70672814. Arkivert frå originalen 5. februar 2012. Henta 21. mars 2006. 
  29. «500 Greatest Albums of All Time Rolling Stone's definitive list of the 500 greatest albums of all time». Rolling Stone. 2012. Henta 16. september 2019. 
  30. «Steely Dan Chart History: Billboard Hot 100». Billboard. Henta 9. januar 2021.