Can You Please Crawl Out Your Window?

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Can You Please Crawl Out Your Window?
Singel av Bob Dylan
B-side «Highway 61 Revisited»
Utgjeve 21. desember 1965
Innspelt 5. og 6. oktober 1965
Sjanger Rock
Lengd 3:32
Selskap CBS
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Bob Johnston
Bob Dylan-kronologi
«Positively 4th Street»
(1965)
Can You Please Crawl Out Your Window? «One of Us Must Know (Sooner or Later)»
(1966)


«Can You Please Crawl Out Your Window?» var ein singel frå 1965 av den amerikanske rockeartisten Bob Dylan. Han nådde 58. plass på den amerikanske singellista og 17. plass i Storbritannia i januar 1966. Songen vart spelt inn med The Hawks (som seinare vart The Band) under same innspelinga som «One of Us Must Know (Sooner or Later)». Sistnemnde kom ut på albumet Blonde on Blonde, medan «Can You Please Crawl Out Your Window?» berre kom ut som singel og samleplater.

Songen er med på lista over songar i Nick Hornby-boka 31 Songs.

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt songen er mellom andre The Vacels (1965), The Jimi Hendrix Experience, The Hold Steady, Transvision Vamp og Les Fradkin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]