Canadair North Star

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Canadair North Star på Prestwick

Canadair North Star, òg kjend som Argonaut var eit candisk passasjar- og fraktfly. Det var utvikla på 1940-talet frå Douglas DC-4.[1]

DC-4 versus North Star[endre | endre wikiteksten]

Den vesentlege endringa som vart gjort var at stjernemotorane vart bytte ut med Rolls-Royce Merlin rekkjemotorar for å kunna oppnå høgare fart. Flyet fekk då òg høgare marsjfart, på 523 km/t.[2] samanlikna med 365 km/t hjå Douglas DC-4. Prototypen flaug fyrste gong den 15. juli 1946. North Star vart vald av fleire selskap, såvel som det canadiske flyvåpenet RCAF. Flyet var i teneste gjennom heile 50-talet til langt ut i 60-åra. Enkelte var enno i drift som reine fraktfly opp til 1980-åra.[treng kjelde][3]

Flytypen i bruk[endre | endre wikiteksten]

Flyet vart fyrst og fremst brukt i Canada og England, av dei to canadiske selskapa Trans-Canada Air Lines, Canadian Pacific Air Lines og dessutan det canadiske flyvåpenet. På eksportmarket vart flyet kjøpt av det britiske BOAC og East African Airways.[treng kjelde]

Flyet vart bygd i fleire variantar i tilsaman 71 eksemplar, med og utan trykk-kabin. Det britiske selskapet overtok 20 som hadde trykk-kabin. Som BOAC-fly gjekk dei under namnet «Argonaut».[treng kjelde]

Det tidlegare danske charterselskapet Flying Enterprise overtok fem Argonauts frå BOAC]og brukte desse til chartertrafikk til middelhavsdestinasjoner i fem år til selskapet gjekk konkurs i 1965.[treng kjelde]

Spesifikasjonar[endre | endre wikiteksten]

(DC-4-M2 North Star)

Dimensjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Besetning: 7
  • Kapasitet 44 passasjerar eller 5 216 kg. last
  • Lengd: 28,89 m
  • Vengespenn 35,8 m)
  • Høgd 8,38 m
  • Vengeflate 135,82 m²
  • Vekt, tom: 19 731 kg
  • Vekt lasta 33 112 kg
  • Motorar: 4× Rolls-Royce Merlin 622 rekkjemotorar, 1 760 hk kvar

Ytingar[endre | endre wikiteksten]

  • Toppfart: 568 km/h
  • Marsjfat: 282 knot sitt (325 mph, 523 km/h)
  • Rekkjevidd 6 212 km
  • Marsjhøgde: 10 970 m

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. «Here and There: Merlin-engined Skymasters». Flight XLVI (1856): 60. 20 July 1944. Henta 29. november 2017. 
  2. Pearl, Roy (25. mars 1948). «A Visitor's Impressions: Canada's Production and plans for the Future». Flight LIII (2048): 339–340. 
  3. Airliner World

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]