Canadian Broadcasting Corporation
| Canadian Broadcasting Corporation | |||
| | |||
| | |||
| Bransje | Kringkasting, massemedium, allmennkringkasting | ||
|---|---|---|---|
| Skipa | 2. november 1936 | ||
| Hovudkontor | Ottawa | ||
| Land | Canada | ||
| Produkt | radio, fjernsyn, digitalt medium | ||
| Nykelpersonar | R. B. Bennett | ||
| Adm.dir. | Catherine Tait | ||
| Nettstad | https://cbc.radio-canada.ca/ (fransk) | ||
Canadian Broadcasting Corporation (CBC) er eit kanadisk statleg føretak som står for kringkasting av nasjonal radio og TV i Canada. På fransk heiter føretaket la Société Radio-Canada (Radio-Canada eller SRC). Det er òg kjent under samlenamnet CBC/Radio-Canada.
CBC er det eldste kringkastingsselskapet i Canada, og blei skipa i den noverande forma si den 2. november 1936.[1] Radiotenester dei leverer er mellom anna CBC Radio One, CBC Radio 2, CBC Radio 3, Première Chaîne, Espace musique og den internasjonale radiotenesta Radio Canada International. Av TV-kanalar har dei CBC Television, Télévision de Radio-Canada, CBC Newsworld, le Réseau de l'information, ARTV (deleigarskap), Documentary og Bold. CBC sender òg i kanadiske Arktis under namna CBC North og Radio Nord Québec.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Canadian Communications Foundation» (på engelsk). Broadcasting-history.ca. Arkivert frå originalen 15. mars 2005.
- Denne artikkelen bygger på «Canadian Broadcasting Corporation» frå Wikipedia på bokmål, den 21. april 2023.