Canaima nasjonalpark
| Parque Nacional Canaima | |||
| nasjonalpark | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Delstat | Bolívar i Venezuela | ||
| Areal | 30 000 km² | ||
| Grunnlagd | 1962 | ||
![]() Canaima nasjonalpark 5°19′10″N 61°47′43″W / 5.3193393°N 61.7953505°W | |||
| Wikimedia Commons: Canaima National Park | |||
Canaima nasjonalpark (spansk Parque Nacional Canaima) er ein nasjonalpark i Gran Sabana i delstaten Bolívar i det søraustlege Venezuela. Parken grensar mot Brasil og Guyana, og vart innskriven på UNESCO si verdsarvliste i 1994.[1] Canaima nasjonalpark er heimstad for pemónfolket.[2]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Nasjonalparken vart oppretta av styresmaktene i Venezuela i 1962 med eit areal på 10 000 km². I 1975 vart parken utvida til den noverande storleiken på over 28 000 km²,[3] noko som gjer han til ein av dei største nasjonalparkane i verda.
Etter den økonomiske krisa i Venezuela frå 2015 fall talet på turistar kraftig. Samstundes auka ulovleg gullgraving inne i nasjonalparken, ofte utført av medlemmer av urfolket pemón, noko som har skapt konflikt mellom naturvern og økonomiske interesser.[4]
Landskap
[endre | endre wikiteksten]Parken ligg i Guayanahøglandet og omfattar store delar av Gran Sabana, eit landskap med djupe dalar og vide høgflater. Om lag 65 % av arealet er dekt av dei karakteristiske tepuiane, bratte sandsteinsfjell med flate toppar. På grunn av den langvarige isolasjonen har desse høgplatåa utvikla ei særs rik og endemisk plante- og dyreverd.[1]
Nasjonalparken inneheld fleire store fossefall, mellom anna verdas høgste foss Angelfossen (Salto Ángel) i tillegg til ei rekkje mindre fossar.[1]
Dyreliv
[endre | endre wikiteksten]
Dyrelivet varierer med høgd over havet og vegetasjonstype. Det er registrert om lag 118 pattedyr, 550 fugleartar, 72 krypdyr og 55 amfibieartar i nasjonalparken.[5]
Pattedyrartar som er fotograferte i Canaima inkluderer sørtremaurslukar (Tamandua tetradactyla), sørgekapusinar (Cebus olivaceus), ringhala nasebjørn (sørleg nasebjørn) (Nasua nasua), krabberev (Cerdocyon thous), navlesvinarten halsbandpekari (Pecari tajacu), pungrotta Didelphis marsupialis, amazonastapir (Tapirus terrestris), kjempemaurslukar (Myrmecophaga tridactyla), raudspisshjort (Mazama americana), flaggermusarten Artibeus planirostris i bladnasefamilien og gnagararten Dasyprocta leporina.[6] Ein annan gnagar, Podoxymys roraimae, er einaste pattedyrarten som er endemisk for parkområdet med tilgrensande område i Guyana og Brasil.[7][8]
Døme på¨livskraftige fugleartar er gullklippehane (Rupicola rupicola) som lever i Guayanahøglandet inkludert heile Canaima nasjonalpark,[9] og roraimamaurfugl (Myrmelastes saturatus) som lever i parkområdet og inn i tilgrensande Guyana og Brasil.[10]
Planteliv
[endre | endre wikiteksten]Canaima nasjonalpark har eit særs rikt planteliv med mellom 3 000 og 5 000 artar av karplanter og bregnar. Tepui-området, som samla blir kalla Pantepui, har ein høg del endemiske artar. På Auyántepui åleine er det registrert om lag 900 karplanteartar, der kring ti prosent berre finst på dette fjellmassivet.[5]
Parken er òg kjend for sitt store mangfald av orkidéar, med om lag 500 artar. Over 300 planteartar er endemiske for Gran Sabana.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Frå venstre: Kurun tepui, Kusari tepui og Kuravaina tepui
- Kukenán-tepui
- Tepuiar inkludert Auyantepui med Angelfossen, elva Churun
- Uei-tepui
- Elva Yuruaní og Yuruaní-tepui
- Ilú-tepui
- Wadakapiapué-tepui og Ilú–tepui
- Yuruaní-tepui og Wadakapiapué-tepui
- Elva Jaspe
- Kukenán-tepui
- Landskap i Gran Sabana
- Kamáfossen
- Fossar i Canaima
- Kukenan-tepui
- Elva Churun
- Angelfossen
- Canaimasjøen og Ucaimafossen
- El Hacha-fossen og Ucaimafossen. Elva Carrao og Canaimalagunen
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 3 Pambour, Bruno (2015). «Canaima National Park» (på engelsk). World Wide Fund For Nature. Arkivert frå originalen 18. mars 2015. Henta 18. juli 2026.
{{cite web}}:|archive-date=/|archive-url=timestamp mismatch; 15. mars 2015 suggested (hjelp) - ↑ Arenas, Macky (18. mars 2019). «¿Quiénes son los pemones? ¿Por qué se habla tanto de ellos?» (på spansk). Aleteia. Henta 18. juli 2026.
- ↑ «Protected Planet | Canaima». Henta 18.juli 2026.
{{cite web}}: Check date values in:|vitja=(hjelp) - ↑ Guillermo D. Olmo (4. januar 2019). «Quiénes son los pemones y cómo viven en rebeldía contra el gobierno de Nicolás Maduro en una de las zonas más remotas de Venezuela». News Mundo. BBC. Henta 18. juli 2026.
- 1 2 Pambour, Bruno (1997). «Descriptions of Natural World Heritage Properties» (på engelsk). World Wide Fund For Nature. Arkivert frå originalen 10. juli 1997. Henta 18. juli 2026.
- ↑ «Canaima National Park Open Space». iNaturalist. Henta 21.07.2026.
{{cite web}}: Check date values in:|vitja=(hjelp) - ↑ «Canaima National Park». Natural World Heritage Sites. Henta 21.07.2026.
{{cite web}}: Check date values in:|vitja=(hjelp) - ↑ Patton, J. (2018). «Podoxymys roraimae». IUCN Red List of Threatened Species. 2018 e.T17831A22390812. doi:10.2305/IUCN.UK.2018-1.RLTS.T17831A22390812.en. Henta 21.07.2026.
{{cite journal}}: Check date values in:|access-date=(hjelp) - ↑ BirdLife International (2016). Rupicola rupicola. The IUCN Red List of Threatened Species 2016. doi:10.2305/IUCN.UK.2016-3.RLTS.T22700971A93807320.en
- ↑ BirdLife International (2024). «Roraiman Antbird Myrmelastes saturatus». IUCN Red List of Threatened Species. 2024. doi:10.2305/IUCN.UK.2024-2.RLTS.T22735305A263989261.en. Henta 21.07.2026.
{{cite journal}}: Check date values in:|access-date=(hjelp)
- Denne artikkelen byggjer på «Nationalpark Canaima» frå Wikipedia på tysk, den 18. juli 2026
