Hopp til innhald

Canary Wharf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Canary Wharf
distrikt
Land  Storbritannia
Folketal 68 700
Kart
Canary Wharf
51°30′18″N 0°01′10″W / 51.505°N 0.019444444444444°W / 51.505; -0.019444444444444
Wikimedia Commons: Canary Wharf

Canary Wharf er eit privateigd forretningsområde ved West India Docks på den nordlege delen av Isle of Dogs i Tower Hamlets austlege London.[1] Etter ei nyutvikling av området som byrja tidleg på 1980-talet er det no eit attraktivt forretningsområde. I lag med City of London og West End er området eit av hovudfinanssentruma i Storbritannia og i verda.[2] and it Det er base for fleire store finansføretak, med hovudkvarter for over 150 større verksemder.[3][4]

Fleire av dei høgaste bygningane i London ligg her, blant anna One Canada Square, med ei høgd på 235 meter. Canary Wharf undergrunnsstasjon (Jubilee-linja) og fleire stasjonar på Docklands Light Railway ligg i området. I tillegg ligg Canary Wharf jernbanestasjon, ein del av Crossrail, nord på Isle of Dogs.[5] Det ligg også ei rekkje butikkar og restaurantar på Canary Wharf, i tillegg til kino, kontorlokale og bustader.

Namnet «Canary Wharf» stammar frå tida då det blei bygt eit to-etasjars varehus i 1937 for å bli leia ut til Fruit Lines Limited, eigd av Fred Dessen & Company. Selskapet skulle nytta varehuset i frukthandel med Kanariøyane og middelhavsområdet. Etter ønske frå Fred Dessen & Company blei staden kalla Canary Wharf.[6] Fleire personar var sentrale i den tidlege utviklinga av Canary Wharf, blant anna Michael von Clemm, G Ware Travelstead, Reg Ward og Paul Reichman.

West India Docks og London Docklands Development Corporation

[endre | endre wikiteksten]
Kart over Canary Wharf frå 1899 som syner West India Docks og Isle of Dogs.
Canary Wharf sett frå vest.
Blackwall Basin og Canary Wharf i 2019.

Dei fleste varehusa i West India Docks blei øydelagde i blitzen under andre verdskrigen.[7] I 1960-åra blei den økonomiske situasjonen for Port of London Authority (PLA) forverra. East India Docks stengde i 1967, og fleire dokkar blei stengde dei neste åra. For andre dokkar gjekk aktiviteten kraftig ned, og store utviklingsplanar blei lagde på is.[8][9] West India Docks stengde i 1980.[10]

London Docklands Development Corporation (LDDC) blei skipa av Thatcher-regjeringa i 1981 for å revitalisera området.[11] I løpet av fyrste halvdel av 1980-åra blei dei fleste eigedomane overførte frå PLA til LDDC.[12] Før skipinga av LDDC hadde lokale styresmaktar arbeidd for å trelka nye selskap til Isle of Dogs og Docklands. Styresmaktene hadde ein viss suksess, og LDDC hadde difor eit grunnlag å byggja vidare på. I byrjinga ynskte LDDC å tiltrekka seg data- og elektronikkselskap og design- og marknadsføretak.[13] Reg Ward var den fyrste leiaren av LDDC. Han klarte å overtala finansmiljøet i City og eigedomsinvestorar om at utviklinga av Docklands kom til å lykkast.[14]

I 1984 vitja den amerikanske forretningsmannen Michael von Clemm det nedlagde West India Docks på jakt etter industrilokale som kunne nyttast av restaurantkjeda Roux, der han var styreformann. Von Clemm såg eit potensial for å byggja kontor til bruk i eit nytt forretningsområde.[15] Von Clemm var blitt invitert av Reg Ward, som visste at Roux-kjeden så etter lokale. Den opphavlege ideen til von Clemm blei sterkt vidareutvikla av G Ware Travelstead.[16][17][18] I løpet av ein toårsperiode vidareutvikla Travelstead den vage ideen til von Clemm ide til ein fullstendig overordna plan. Reg Ward støtta Travelstead i denne prosessen,[19][20][21][22] og i 1985 gav LDDC grønt lys for dei ambisiøse planane.[23] G Ware Travelstead sleit likevel med å finansiera prosjektet og å finna leiggetakarar.[24][25]

Ware Travelstead klarte altså ikkje å finansiera ambisiøse planane sine, og prosjektet blei overteke av Olympia & York, eit kanadisk eigedomsskap med Paul Reichman i spissen. Den 17. juli 1987 underskreiv LDDC og Olympia & York avtale om å utvikla området vidare.[26][27][28] Planane til Travelstead blei ikkje mykje endra av Reichman og Olympia & York.[20] Paul Reichman kjende statsminister Margaret Thatcher, som gav skattetette for å gjera prosjektet økonomisk forsvarleg.[29][30] Etter at Olympia & York overtok ansvaret for prosjektet starta byggearbeidet i november 1987. I mai 1988 var Margaret Thatcher til stades då bygginga av dei fyrste bygningane byrja. Paul Reichman sa at Olympia & York ikkje hadde gått forpliktande inn i dette store prosjektet utan udelt støtte frå regjeringa. Byggeaktiviteten var på det høgaste mot slutten av 1989 og byrjinga av 1990. Over 4 500 personar arbeidde på staden. Den fyrste fasen var fullført i 1991, og dei fyrste leigetakarane flytta inn i august. Etter kvart blei Olympia & York påverka av den økonomiske nedgangen og renteauke. I mai 1991 blei vidare utbygging stoppa inntil vidare, og i mai 1992 gjekk Olympia & York konkurs. Same månad blei Canary Wharf overført til revisorfirmaet Ernst & Young, som var valt av bankane til å fungere som administrator.[31] I desember 1995 kjøpte ei gruppe investorar, inkludert Paul Reichman, Canary Wharf for 800 millionar pund. Selskapet, etter kvart kalla Canary Wharf Group, blei børsnotert i 1999.[32]

I mars 2004 blei Canary Wharf Group plc. teke over av eit konsortium av investorar, med Glick Family Investments som den største eigaren.[33]

  1. Greater London Authority 2008, s. 6.
  2. Greater London Authority 2008, s. 4.
  3. «United Kingdom Skyscraper Diagram». skyscraperpage.com. Arkivert frå originalen 20. mai 2021. Henta 26. august 2021.
  4. A. Beaumont (2015). Contemporary British Fiction and the Cultural Politics of Disenfranchisement: Freedom and the City (illustrated utg.). Springer. s. 40. ISBN 9781137393722.
  5. Canary Wharf jernbanestasjon, Canary Wharf Group
  6. Om navnet, British History
  7. «Ødelagte varehus, Portcities». Arkivert frå originalen 3. februar 2008. Henta 1. oktober 2015.
  8. Utviklingen i 1960-årene, British History
  9. «Stengte varehus, Portcities». Arkivert frå originalen 3. februar 2008. Henta 1. oktober 2015.
  10. «West India Docks stenger, Portcities». Arkivert frå originalen 3. februar 2008. Henta 1. oktober 2015.
  11. Opprettelsen av LDDC, The Economist, november 2013
  12. Utviklingen i 1980-årene, British History
  13. Begynnende utvikling, British History
  14. De første planer, The Telegraph, januar 2011
  15. von Clemm og Reichmanns rolle, The Telegraph, oktober 2013
  16. von Clemm og Reichmanns rolle, The Telegraph, oktober 2013
  17. «von Clemms rolle, City A.M., oktober 2013». Arkivert frå originalen 1. oktober 2015. Henta 1. oktober 2015.
  18. von Clemms ide, The Economist, november 2013
  19. Opprinnelsen, The Independent, januar 2015
  20. 1 2 «Opprinnelsen, LDDC». Arkivert frå originalen 8. juli 2008. Henta 1. oktober 2015.
  21. von Clemms rolle, New York Times, november 1997
  22. von Clemms rolle, The Telegraph, januar 2011
  23. Tidlig 1980-tall, British History
  24. Travelsteads rolle, New York Times, desember 1997
  25. Travelsteads ide, The Guardian, oktober 2013
  26. «Om opprinnelsen, LDDC History». Arkivert frå originalen 29. april 2012. Henta 1. oktober 2015.
  27. Travelsteads rolle, The Telegraph, oktober 2013
  28. Reichmanns rolle, New York Times, oktober 2013
  29. Reichmanns rolle, The Guardian, oktober 2013
  30. Reichmanns rolle, Financial Times, oktober 2013 (krever innlogging)
  31. Olympia & York, British History
  32. Canary Wharf Group, Funding Universe
  33. «Glick family in late move over Canary Wharf battle». The Independent. 2. januar 2011. Arkivert frå originalen 2 January 2011.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Canary Wharf