Cancel culture

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Cancel culture er ei moderne form som ostrakisme der ein person eller gruppe blir nekta å sleppe til i den offentlege debatten. «Kanselleringskultur», «utestengingskultur» og «utfrysingskultur» er vorte foreslått som norske namn på fenomenet.[1]

«Utfrysinga» inneber at folk trekker seg unna og sluttar å støtte, eller like, ein offentleg person grunna haldningar, utsegner eller oppførsel frå denne personen. Kravet om utfrysing blir ofte formidla via sosiale medium. Cancel culture kan òg visa til ønske om å fjerne statuar eller namneplakettar knytte til personar mange i dag ikkje deler haldningar med.[treng kjelde]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Woke? Cancel culture? Hva skal man kalle alle disse ordene på norsk?». aftenposten.no. 22. juli 2020. Henta 25. januar 2021.