Taskekrabbe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Cancer pagurus)
Taskekrabbe
Taskekrabbe
Taskekrabbe
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Krepsdyr Crustacea
Klasse: Storkreps Malacostraca
Orden: Tifotkreps Decapoda
Familie: Cancridae
Slekt: Cancer
Art: Taskekrabbe C. pagurus
Vitskapleg namn
Cancer pagurus

Taskekrabben (Cancer pagurus) eller høvring er ein krabbeart som er vanleg på hard botn i Nordsjøen, Nordvest-Atlanteren og Middelhavet. Han høyrer til dei kommersielt viktigaste krepsdyra, og er den største etande krabbearten som finst naturleg i norske farvatn.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Ryggskjoldet til taskekrabben er raudbrunt hjå vaksne dyr, men kan grensa til lilla hjå unge individ. Stundom dukkar det òg opp eksemplar med kvite flekkar. Som regel er ryggskjoldet til hannen om lag 9 cm langt og 15 cm breitt, men under gode tilhøve kan dei bli heile 25 cm breie. Ein fold i ryggskjoldet utvidar seg langs ryggen og dannar eit forgreina gjellekammer.

Taskekrabben har fem par gangbein, kor det første er omdanna til store klør med svarte fingrar. Dei andre beina har òg svarte tuppar, og er dekt med radar av små, stive hår. Det er mogleg å skilja ut både antennene og antennulane framifrå. Attmed desse ligg augo i kvart sitt holrom. Munndelane består av maxillipedane, eit par maxiller, eit par maxillular og endeleg mandiblane.

Sett frå undersida kan ein sjå bakkroppen, som er sterkt redusert og bretta inn under forkroppen. Denne er breiare hjå hoa enn hjå hannen. Bak abdomen (bakkroppen) ligg kjønnsorgana og anus. Som eit resultat av dette kan krabbane berre para seg i samband med skalskifte.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Taskekrabben er eit nattaktivt dyr som ligg nedgraven og gøymer seg om dagen. Om natta går dei ut og leitar etter mat opp til 50 meter frå skjulestadane sine. Som regel et dei botndyr som andre krepsdyr og blautdyr, som dei opnar skala til med dei kraftige klørne sine. Hannar er særs aggressive mot kvarandre, det hender til og med stundom at dei drep kvarandre. Dei kjenner kvarandre att på storleiken på klørne; hoa har mykje mindre.

Når han vert teken, inntek taskekrabben ein karakteristisk positur med gangbeina og klørne inn under skalet, for å beskytta den sårbare buken.

Dei naturlege fiendane til vaksne taskekrabbar er fisk og blekksprut. Larvane vert etne av ymse plankton-etarar og ungdyr (som lever på grunt vatn heilt opp i fjæra) vert ofte tekne av sjøfugl. På grunn av storleiken er taskekrabben tregare enn andre krabbar. Dette kompenserer han for med dei ekstra kraftige klørne sine, som han forsvarar seg med. Han kan òg grava seg ned i sand for å sleppa unna predatorar.

Paringstida til taskekrabben er vanlegvis om vinteren. Hannen klatrar opp på hoa og vert sitjande til ho skiftar skal og kjønnsopningane vert tilgjengelege. Han befruktar ho med såkalla gonopodar, som er omdanna ekstremitetar på bakkroppen. Indre befruktning finn stad før det nye eksoskjelettet hennar hardnar, og dei befrukta egga vert borne under bakkroppen til hoa til dei klekkast. Ei ho kan leggja opp til 20 000 egg.

Det første utviklingsstadiet utanfor egget er naupliuslarvestadiet, som er planktonisk. Seinare utviklar dyret seg til postlarve, megalopa og til slutt eit juvenilt dyr. Dei første juvenile stadia skil seg ut med ein velutvikla bakkropp, som med tida reduserer seg i storleik og brettar seg inn under brystplata. Heilt unge taskekrabbar heldt seg ofte til tareskog, der dei gøymer seg under hapterane (tilsvarar røter hjå landplanter) til tangen og taren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]