Cand.med.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Candidatus medicinæ (for menn) eller candidata medicinæ (for kvinner) (forkorta cand.med.) er den latinske tittelen for ein person som har teke medisinsk embetseksamen.

I Noreg gir dette høve til å søke om turnusteneste ved sjukehus og i legedistrikt, som igjen er eit kvalifikasjonskrav for å oppnå lisens eller autorisasjon som lege.

Tittelen cand. med. blir brukt i denne forma i Danmark og Noreg, og i forsvenska form i Sverige. Tittelen er direkte tilsvarande tittelen oppnådd etter medisinsk studium i dei fleste andre vestlege landa, f.eks. tysk medisinsk statseksamen eller amerikansk MD.

Den første som tok denne eksamenen i Noreg, var Carl Schultz i 1817.