Candle in the Wind

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Candle in the Wind
Singel av Elton John
frå albumet Goodbye Yellow Brick Road
B-side

«Bennie and the Jets»

Språk engelsk
Utgjeve 4. februar 1974
Innspelt Mai 1973
Studio Château d'Hérouville i Frankrike
Sjanger Pop, glamrock
Lengd 3:50
Selskap
Komponist Elton John
Tekstforfattar Bernie Taupin
Låtskrivar(ar)
Produsent Gus Dudgeon
Elton John-kronologi 
«Step into Christmas»
(1973)
Candle in the Wind «Bennie and the Jets»
(1974)


«Candle in the Wind» er ein song med musikk av Elton John og tekst av Bernie Taupin. Han vart opphavleg skriven i 1973 til ære for Marilyn Monroe,[1] som døydde 11 år tidlegare.

I 1997 framførte John ein omskriven versjon av songen som ei hyllest til prinsesse Diana av Wales. Denne versjonen av songen vart gjeven ut på singel og nådde toppen av singellista i mange land, og vart ein mykje større suksess enn originalen, og er offisielt kåra til den nest mest selde singelen gjennom tidene, berre bak Bing Crosby sin «White Christmas».

Originalverjsonen[endre | endre wikiteksten]

Originalversjonen i E-dur kom ut i 1973 på albumet Goodbye Yellow Brick Road og var spelt inn i mai det året. Teksten er ei sympatisk skildring av livet til Marilyn Monroe. Opningslinja i songen «Goodbye, Norma Jean» syner til det verkelege namnet til Monroe. Taupin sa i songen at «songen handlar om ideen om livet som tar slutt i sin beste alder. Songen kunne ha handla om James Dean, han kunne ha vore om Montgomery Clift, han kunne ha vore om Jim Morrison ... korleis me glamoriserer døden, korleis me udøyeleggjer folk.» Då den originale singelen kom ut nådde han 11. plassen på den britiske singellista i 1974. På den tida kom ikkje singelen ut i USA («Bennie and the Jets» kom ut der i staden). Taupin vart inspirert til å skrive songen etter han høyrte uttrykket «candle in the wind» nytta om ei hyllest til Janis Joplin.

Versjonen deira er rangert på 356. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene. På den andre sida kalla komponisten Gruff Rhys songen den verste han hadde høyrt.[2]

Under ein konsert den 7. april 1990, på Farm Aid IV, dediserte John songen til Ryan White, som leid av AIDS. White døydde av AIDS dagen etter.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Konsertversjon frå 1986[endre | endre wikiteksten]

Den 14. desember 1986 vart det spelt inn eit konsertopptak av songen i Sydney i Australia. Han vart gjeven ut i 1987 på albumet Live in Australia with the Melbourne Symphony Orchestra og igjen på singel. I 1988 nådde denne femteplassen på UK Singles Chart og sjetteplassen på den amerikanske Billboard Hot 100.

Denne versjonen vann Grammyprisen for beste mannlege popsong.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Versjonen frå 1997[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Candle in the Wind 1997.

«Candle in the Wind 1997» eller «Goodbye England's Rose» er ei nyinnspeling av «Candle in the Wind» som ei hyllest til prinsesse Diana av Wales. Songen kom ut i 1997 og gjekk til topps i Storbritannia, som den fjerde førsteplassen til John i heimlandet. Han gjekk òg til topps i mange andre land. I følgje Guinnes rekordbok i 2007 er «Candle in the Wind 1997» den nest mest selde singelen sidan platehistoria byrja, berre slått av Bing Crosby sin «White Christmas».[3]

Akustisk remix få 2003[endre | endre wikiteksten]

Med same vokalopptak som originale frå 1973, tok lydteknikaren Greg Penny bort alle instrument, utanom den akustiske gitaren til Davey Johnstone, og brukte berre vokalen til Elton John og korvokalen til Dee Murray, Nigel Olsson and Davey Johnstone. Denne kom først ut som bonusspor på 30-årsjubileumsutgåva av Goodbye Yellow Brick Road og sidan på EP-plata Remixed frå 2003.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Den engelske visesongaren Sandy Denny spelte inn ein versjon på albumet hennar Rendezvous i 1977.
  • I 1989 spelte The Shadows ein instrumental av songen på albumet deira Steppin' to the Shadows.
  • Det engelske punkbandet Leatherface spelte inn ein versjon for det andre albumet deira Fill Your Boots i 1990
  • I 1991 spelte David Tyler inn songen på CKBE-FM.
  • Den engelske songaren Kate Bush spelte inn ein versjon i 1991 på singelen «Rocket Man».
  • Billy Joel framførte ein versjon i lag med Elton John under konserten Face to Face 1994.
  • Den newzealandske songaren Wing spelte inn songen i 2009 på albumet hennar Beat It.
  • I 2014 spelte den engelske songaren Ed Sheeran inn ein versjon for 40-årsjubileumsutgåva av Goodbye Yellow Brick Road.[4]
  • I 2014 song den israelsk-franske songaren Amir Haddad inn ein versjon med musikkvideo.. Tidlegare same året hadde han sunge denne songen under «blind audition» av The Voice i Frankrike.[5][6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]