Candy Crush Saga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Candy Crush Friends Saga)
Hopp til navigering Hopp til søk
Candy Crush Saga
Woman playing Candy Crush Saga on iPad.jpg
Utviklar(ar)King
Utgjevar(ar)King
Plattform(er)Android, iOS, Microsoft Windows
UtgjevingNettlesar:
12. april 2012
iOS:
14. november 2012
Android:
14. desember 2012
Microsoft Windows:
29. juli 2015
SjangerHjernetrim
Spelemoduseinspelar

Candy Crush Saga er eit free-to-play-hjernetrimspel utgjeve av King den 12. april 2012 på Facebook, som seinare har vorte utgjeve i form av applikasjonar for iOS, Android, Windows Phone og Windows 10. Det er ein variant av spelet Candy Crush, som er utvikla for nettlesarar.[1]

I Candy Crush Saga fullfører spelaren nivå ved å byte mellom farga godteri på eit spelebrett, for å lage rekker av tre eller fleire godteri med lik farge. Dette fjernar godteria frå brettet og erstattar dei med nye, som potensielt kan lage nye rekker med like fargar. Rekker på fire eller fleire godteri av same farge genererer unike godteri som fungerer som hjelpemiddel, med eigenskapar som gjer det lettare å greie nivåa. Nivåa har ulike målsettingar som må fullførast innan eit visst tal trekk eller eit avgrensa tidsrom, til dømes greie ein fastsett poengsum eller samle ei viss mengd av ein særskild type godteri.

Candy Crush Saga er vørda som ein av dei første og mest suksessrike spela basert på ein freemium-modell, som inneber at spelaren kan greie spelet utan å bruke pengar, men kan også kjøpe ekstra hjelpemiddel for å lettare klare meir utfordrande brett. Dette gjev King inntekter, som i ein topperiode låg på nesten ein million amerikanske dollar dagleg.[2] I 2014 hadde Candy Crush Saga over 93 millionar aktive spelarar, samtidig som inntektene til King i ein tremånaders periode låg på over 493 millionar amerikanske dollar. Fem år etter utgjevinga på mobiltelefonar har Candy Crush Saga-serien vorte lasta ned over 2,7 milliarder gonger og spelet har vore blant dei mobilapplikasjonene med høgst omsetnad innan denne perioden. King har sidan utgjeve tre relaterte titlar, Candy Crush Soda Saga, Candy Crush Jelly Saga og Candy Crush Friends Saga, og dei fleste dei andre utgjevingane frå selskapet følger den same freemium-modellen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Candy Crush at Games.com». Arkivert frå originalen 2015-09-06. 
  2. Nikhil Malankar (13. september 2018), Candy Crush Saga: What Makes This Game So Addictive? | Mobile Game | Candy Crush Earnings and More, henta 14. september 2018 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]