Filmfestivalen i Cannes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Cannes filmfestival)
Dennis Hopper, Giovanna Mezzogiorno, Wim Wenders og Milla Jovovich presenterer filmen Palermo Shooting ved filmfestivalen i Cannes i 2008.

Filmfestivalen i Cannes er ein velkjend internasjonal filmfestival. Han har blitt halden årleg i den sørfranske byen Cannes sidan 1946, med nokre få unntak. Festivalen er eit samlingspunkt for filmskaparar, distributørar, skodespelarar og andre personlegdommar.

Kvart år blir det delt ut fleire prisar under festivalen. Den mest prestisjefylte er Palme d'Or (Gullpalmen) for beste film. Festivaljuryen er sett saman av ei lita gruppe internasjonale filmpersonlegdommar. Han står også bak fleire andre prisar, som Grand Prix. I tillegg blir det delt ut nokre uavhengige prisar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]