Hopp til innhald

Canon EOS M2

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Canon EOS M2 med ei 22 mm-linse
Baksida til Canon EOS M2

Canon EOS M2 er eit spegellaust systemkamera lansert i desember 2013 av Canon for den japanske og kinesiske[1] marknaden. Det har ei CMOS-biletbrikke i APS-C-format med ei oppløysing på 18 megapikslar. Det er det andre spegellause systemkameraet til Canon, etter Canon EOS M. Canon EOS M2 liknar på føregangaren, men har mellom anna ei Hybrid CMOS II-biletbrikke som skal gje opp til 2,3 gonger snøggare autofokusering og innebygd Wi-Fi.[2][3]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]