Canon PowerShot SX100 IS

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Canon PowerShot SX100 IS

Canon PowerShot SX100 IS er eit digitalt superzoom-kamera laga av Canon og lansert hausten 2007. Det har ein CCD-sensor med ei oppløysing på 8 megapikslar (3 264 x 2 448 pikslar). Det har 10 gonger optisk zoom og biletstabilisering. Blendaropet er 2,8 ved vidvinkel og 4,3 ved telefoto. Brennvidda svarar til 36-360 millimeter for 35mm-format.[1][2]

SX100 IS vart lansert som eit mindre og rimelegare alternativ til Canon PowerShot S5 IS.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Canon PowerShot SX100 IS Full Review» - DPReview
  2. 2,0 2,1 «Canon Powershot SX100 IS» - Tek.no