Kanossagang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Canossagang)
Illustrasjon frå eit manuskript frå 1115 som syner Henrik IV (saman med abbed Hugo av Cluny) der han ber hertuginne Matilda om å føra fram saka hans for paven.

Kanossagang, eller canossagang, er eit omgrep som stammar frå botsgangen til den bannlyste tysk-romerske keisaren Henrik IV, då han for til Canossa og knelte for pave Gregor VII og bad om heving av bannet han hadde over seg for «overgrep mot den katolske kyrkja». Paven tenkte seg om i tre dagar, frå 25. januar til 28. januar 1077, før han oppheva bannlysinga.

I moderne tid vert det sagt om nokon som ber om nåde at han «går kanossagang». Omgrepet vert ofte nytta i sarkastisk tyding om til dømes ein politikar som av taktiske grunnar gjer seg til vens med tidlegare politiske motstandarar.