Cap de la Nau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fyret på Cap de la Nau.

Cap de la Nau, Cabo de la Naospansk, tyder «Skipsneset», er eit nes ved byen Xàbia i provinsen Alicante i Spania i Middelhavet. Det er det austlegaste punktet i Comunitat Valenciana. Neset er ei bratt klippe som hovudsakleg består av kalkstein. Det markerer det sørlegaste punktet i Valenciabukta.

Neset peikar utover havet mot øya Formentera i Balearane og er eit nyttig navigasjonsmerke. Under neset ligg ei stor grotte, Cova dels Orgues (eller Cueva de los Órganos på spansk) som ein berre kan nå frå sjøen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 38°44′19″N 0°13′00″E