Cape Doctor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Cape Doctor (vanlegvis The Cape Doctor eller «die Kaapse dokter» på afrikaans) er det lokale namnet på ein sterk, vedvarande og tørr søraustleg vind, som bles på kysten av Sør-Afrika frå våren og seint på sommaren (september til mars). Han vert kalla Cape Doctor fordi han lenge har brukt å reinske lufta i Cape Town for forureining og skit i lufta.

Sjølv om han bles langs heile det sørlege Afrika, er han særleg kjend i og rundt Cape-halvøya, der han kan bli ubehageleg sterk og irriterande.

Sjølv om vinden som regel fører med seg fint vêr, kan stundom eit lågtrykk i nærleiken føre til at det vert kraftig regn over Western Cape[1].

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. SOUTH EASTER Arkivert 2009-09-28 ved Wayback Machine., CUSTOMWEATHER,INC