Cape Monze

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Cape Monze (også Ras Muari, Jhill Poshete[1] eller Cape Mount) er eit nes i Arabiahavet utanfor Karachi. Det har eit fyrtårn og ein strand.

Neset ligg i sørenden av Kirtharfjella, på grensa melloma Sind og Balutsjistan.[2] Det har bratte klipper danna av hard kalkstein.[3] Skjelpadder bruker stranda til å leggja egg.[4]

Cape Monze ligg rundt 3 mil vest for Karachi.[2] Området er ein populær utfluktstad for bybuarar. I 2014 blei det meld at vegen til stranda, som går forbi atomkraftverket KANUPP, var sperra.[5]

Fyr[endre | endre wikiteksten]

Oppretta1914
Koordinatar24°49′35.2″N 66°39′52.0″EKoordinatar: 24°49′35.2″N 66°39′52.0″E
Fyrtårn
Høgd48
Byggjematerialesement
Fyrlys
Lysvidde25 nm
Status
EigarMercantile Marine Department[6][7]
Automatisertnei

Fyret på Cape Monze på 48 meter er det høgaste i Pakistan.[8] Det er eit rundt tårn måla med vassrette svarte og kvite striper på sida som vender ut mot havet.[2] Det blei bygd av britane i 1914.[9] Fyret blir drive manuelt og er bemanna.[10] Det ligg fleire bygningar tilknytt fyret i nærleiken.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. CAPE MONZE/RAS MUARI, discover-pakistan.com 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Russ Rowlett (7. februar 2006/8. april 2016), Lighthouses of Pakistan  Text "publisherUniversity of North Carolina " ignored (hjelp)
  3. Coastline of Pakistan, Wildlife of Pakistan 
  4. Khan, Muhammad (2013-12-14), «STATUS AND CONSERVATION OF MARINE TURTLES ON SANDY AND ROCKY BEACHES OF PAKISTAN», Paper presented at the annual meeting of the International Congress for Conservation Biology, Convention Center, Chattanooga, TN, Jul 10, 2008 
  5. Hafiz Muzzammil (6. juni 2014), «Give us access to Cape Mount again!», The Express Tribune 
  6. Pakistan The Lighthouse Directory. University of North Carolina at Chapel Hill. Retrieved 13 October 2016
  7. NGA List of Lights – Pub.112 Retrieved 13 October 2016
  8. Muhammad Adil Mulki (24. mars 2013), «In search of Lightship Sindhi», The Express Tribune 
  9. «Need for palm trees», The Nation, 28. juli 2015 
  10. LIGHT HOUSES, mercantilemarine.gov.pk 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]