Cape Poinsett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 65°46′S 113°13′E
Cape Poinsett
nes
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Wilkes Land
 - koordinatar 65°46′S 113°13′E
Administrert under Antarktistraktaten

Cape Poinsett
65°46′0″ S 113°13′1″ E
Cape Poinsett is located in Antarktis
Cape Poinsett (Antarktis)

Cape Poinsett er eit isdekt nes i Antarktis, ved nordenden av Budd Coast, der kysten brått snur mot søraust og sørvest. Plasseringa til Cape Poinsett samsvarar med «Budd's High Land» som vart kartlagd i 1840 av US Exploring Expedition under løytnant Charles Wilkes. Neset vart kartlagd frå flyfoto teken av USN Operasjon Highjump, 1946–48, og vart namngjeve av Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter Joel R. Poinsett, krigsminister under president Martin Van Buren, som var viktig under innsamlinga og publiseringa av fleire vitskaplege rapportar under US Exploring Expedition.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Cape Poinsett» (innhald frå Geographic Names Information System).