Capella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Capella Aa/Ab
Auriga constellation map.png
Capella er den mest lyssterke stjerna i Kusken.
Observasjonsdata
Epoke J2000.0      Ekvinoks J2000.0 (ICRS)
Rektascensjon 05h 16m 41.3591s[1][2]
Deklinasjon +45° 59′ 52.768″[1][2]
Karakteristikk
Spektralklasse K0III[3] G1III[3]
U-B fargeindeks +0.44[4]
B-V fargeindeks +0.80[4]
V-R fargeindeks −0.3[1]
R-I fargeindeks +0.44[4]
Variabelklasse RS CVn[1]
Astrometri
Eigarørsle:  
RA α cos δ) 75.52[1][2] mas/år
Dek. δ) −427.11[1][2] mas/år
Parallakse (π) 76.20 ± 0.46[5] mas
Avstand 42,8 ± 0,3 ly
(13,12 ± 0,08 pc)
Absolutt storleik (MV) 0.35[6] 0.20[6]
  −0.48[6]
Detaljar
Masse 2.69 ± 0.06[7] M 2.56 ± 0.04[7] M
Radius 12.2 ± 0.2[7] R 9.2 ± 0.4[7] R
Luminositet (bolometrisk) 78.5 ± 1.2[7] L 77.6 ± 2.6[7] L
Metallisitet 40% Sun[6]
Rotation 106 ± 3 d [8]
Alder 5.4-5.9 × 108  [9] years
Bane[7]
Eksentrisitet (e) 0.0000 ± 0.0002
Inklinasjon (i) 137.18 ± 0.05°
Periastron epoke (T) 2447528.45 ± 0.02 JD
Databasereferansar
SIMBAD data
  data data
Andre namn
Alhajoth, Capella, Hokulei, α Aurigae, α Aur, Alfa Aurigae, Alfa Aur, 13 Aurigae, 13 Aur, ADS 3841 AP, BD+45°1077, CCDM J05168+4559AP, FK5 193, GC 6427, GJ 194, HD 34029, HIP 24608, HR 1708, IDS 05093+4554 AP, LTT 11619, NLTT 14766, PPM 47925, SAO 40186, WDS 05167+4600Aa/Ab.[1][4][10][11]

Capella er den mest lyssterke stjerna i stjernebiletet Kusken, den sjette lysaste på nattehimmelen og den tredje lysaste på den nordlege himmelhalvkula, etter Arcturus og Vega. Namnet kjem frå diminutivet frå det latinske capra «geit», derfor «den vesle geita». Capella har Bayer-nemninga Alfa Aurigae (ofte forkorta til α Aurigae, α Aur eller Alfa Aur). Sjølv om ser ut som ei enkel stjerne for det nakne auga, er ho i røynda eit stjernesystem med fire stjerner som to par dobbeltstjerner. Det første paret består av to lyse, store kjempestjerner klasse G, begge med ein radius som er kring 10 gonger sola sin og to og ein halv gongar solmassen. Dei går i tett bane kring kvarandre og har fått namna Capella Aa og Capella Ab. Desse to stjernene har brend opp hydrogenet i kjernen og vorte kjempestjerner, men det er uklårt kva stadium på stjerneutviklinga dei er. Det andre paret ligg kring 10 000 AU frå det første, og består av to lyssvake, små og relativt kjølige raude dvergar. Dei har namna Capella H og Capella L. Stjernene som heiter Capella C til G og I til K er stjerner som ikkje er knytt til dei nemnde Capella-stjernene, men ligg i det same synsfeltet. Capella-systemet er relativt nær jorda, omkring 42,8 lysår unna.

Synlegheit[endre | endre wikiteksten]

Capella verkar å ha ein rik gulkvit farge. Ho er den mest lyssterke stjerna i stjernebiletet Kusken og den fjerde mest lyssterke stjerna som er mogeleg å sjå med det nakne auga frå breiddegrad 40° N.[12] Capella var den mest lyssterke stjerna på nattehimmelen frå 210 000 år sidan til 160 000 år sidan, med ein storleiksklasse på −1,8. Med −1,1 var Aldebaran den mest lyssterke før den tid, og denen og Capella låg kvar nær kvarandre og fungerte som polarstjerner på den nordlege halvkula på den tida.[13]

I verket til Bayer frå 1603, Uranometria, er Capella ryggen på Kusken.[14] Ho ligg nokre få grader nordaust frå trekanten av stjerner som vert kalla «Barna» (Epsilon, Zeta og Eta Aurigae).[15][16] Capella ligg nærmare den nordlege himmelpolen enn nokon andre stjerner av 1. storleiksklasse[17][18] På grunn av den nordlege plasseringa er ho ikkje mogeleg å sjå sør for 44 °S. Dette omfattar det sørlege New Zealand, Argentina og Chile, i tillegg til Falklandsøyane. Nord for 44 ºN er ho alltid synleg på nattehimmelen. Capella og Vega er nesten på motesette sider av polen, omtrent same avstnad, slik at ei tenkt linje mellom dei to passerer gjennom Polaris.[19]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 NAME CAPELLA – Variable of RS CVn type, database entry, SIMBAD. Accessed on line desember 23, 2008.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Astrometric data, mirrored by SIMBAD from the Hipparcos catalogue, pertains to the center of mass of the Capella Aa/Ab binary system. See Volume 1, The Hipparcos and Tycho Catalogues, European Space Agency, 1997, §2.3.4, and the entry in the Hipparcos-katalogen (CDS ID I/239.)
  3. 3,0 3,1 Mal:Bibcode
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 HR 1708, database entry, The Bright Star Catalogue, 5th Revised Ed. (Preliminary Version), D. Hoffleit and W. H. Warren, Jr., CDS ID V/50. Accessed on line desember 23, 2008.
  5. van Leeuwen, F. (November 2007). «Validation of the new Hipparcos reduction». Astronomy and Astrophysics 474 (2): 653–64. Bibcode:2007A&A...474..653V. arXiv:0708.1752. doi:10.1051/0004-6361:20078357. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 Frå tilsynelatande storleiksklasse og parallakse. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; namnet «note» er definert flere gonger med ulikt innhald
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 7,5 7,6 Very high precision orbit of Capella by long baseline interferometri, C. A. Hummel et al., The Astronomical Journal 107, #5 (May 1994), s. 1859–1867, doi:10.1086/116995, Mal:Bibcode. See §1 for spektralklasses, Table 1 for orbit, Table 5 for stellar parameters, and §6.3 for the age of the system.
  8. On the rotation period of Capella, K. G. Strassmeier et al., Astronomische Nachrichten 322, #2 (March 2001), s. 115–124, doi:10.1002/1521-3994(200106)322:2, Mal:Bibcode.
  9. Torres, Guillermo; Claret, Antonio; Young, Patrick A. (2009). «Binary Orbit, Physical Properties, and Evolutionary State of Capella (α Aurigae).». The Astrophysical Journal 700 (2): 1349–81. Bibcode:2009ApJ...700.1349T. arXiv:0906.0977. doi:10.1088/0004-637X/700/2/1349. 
  10. Sirius Matters, Noah Brosch, Springer: 2008, ISBN 1-4020-8318-1, s. 46.
  11. Entry 05167+4600, The Washington Double Star Catalog, United States Naval Observatory. Accessed on line December 24, 2008.
  12. Schaaf 2008, s. 146.
  13. Schaaf 2008, s. 155.
  14. Wagman, Morton (2003). Lost Stars: Lost, Missing and Troublesome Stars from the Catalogues of Johannes Bayer, Nicholas Louis de Lacaille, John Flamsteed, and Sundry Others. Blacksburg, Virginia: The McDonald & Woodward Publishing Company. s. 503. ISBN 978-0-939923-78-6. 
  15. Kaler, James (Jim) (13 December 1998). «Capella». Stars. http://stars.astro.illinois.edu/sow/capella.html. Henta 23 February 2015. 
  16. Schaaf 2008, s. 151.
  17. Burnham 1978, s. 261.
  18. Polaris er berre andre storleiksklasse.
  19. Arnold, H.P. (1999). The Photographic Atlas of the Stars. Bristol, UK: IOP Publishing Ltd. s. 68. ISBN 0750306548. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: Sky map 05h 16m 41.3591s, 45° 59′ 52.768″