Capitol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Capitol
US Capitol east side.JPG
StadCapitol Hill i Washington, D.C.
ArkitektWilliam Thornton
Påbegynt18. september 1793
Etasjar5
Stilneoclassical architecture

Capitol er møtestaden til kongressen i USA og ligg på Capitol Hill i Washington, D.C. Bygningen blei oppført frå 1793 av William Thornton i nyklassisistisk stil. Han blei seinare utvida med foajé for Senatet og Representanthuset, og avslutta i 1863 med fullføringa av den store kuppelen over sentralpartiet.

Capitol ligg i eit parkområde kalla Capitol Grounds, med National Mall i vest. Ein fontene, Bartholdi Fountain, og ein dam, Reflecting Pool, er delar av parken.

Namnet «Capitol» blei gjeve av Thomas Jefferson då utforminga av Washington som hovudstad blei planlagd. Det stammar frå Kapitol i Roma. Lovgjevande forsamlingsbygg i fleire delstatar i USA blir også kalla «Capitol».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]