Cappelens musikkleksikon
Utsjånad
Cappelens musikkleksikon er eit seksbinds leksikon på ca. 3500 trespalta sider, som vart utgitt i perioden 1978–1980 på J.W. Cappelens Forlag. Det byggjer på et samarbeid med Sohlmans musiklexikon, som kom ut i Stockholm tre år tidlegare. Store delar av artikkelstammen vart direkte omsett frå den svenske originalen av ei gruppe med 9 omsetjarar. I tillegg til dei internasjonale artiklane, inneheld leksikonet også mange nyskrivne artiklar om norsk musikkliv.
Redaksjonen har forsøkt å dekkje alle felt innan musikk og musikkliv.[1] Meir enn 700 medarbeidarar har skrive dei om lag 17 000 artiklane i oppslagsverket. Artiklane er signerte. Redaktør var Kari Michelsen, i redaksjonsrådet sat Hampus Huldt-Nystrøm, Robert Levin og Gunnar Rugstad.
Utgjevingar
[endre | endre wikiteksten]- Cappelens musikkleksikon. 1 : A - Cambert. Cappelen. 1978. ISBN 8202036844.
- Cappelens musikkleksikon. 2 : Cambiata - Frosini. Cappelen. 1978. ISBN 8202036909.
- Cappelens musikkleksikon. 3 : Frostmann - Jolson. Cappelen. 1979. ISBN 8202036909.
- Cappelens musikkleksikon. 4 : Jommelli - Music hall. Cappelen. 1979. ISBN 8202036879.
- Cappelens musikkleksikon. 5 : Musikalier - Schwegel. Cappelen. 1980. ISBN 8202036887.
- Cappelens musikkleksikon. 6 : Schweitzer - Åvik. Cappelen. 1980. ISBN 8202036909.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Cappelens musikkleksikon, J.W: Cappelens Forlag 1978, ISBN 82-02-03690-9
- Denne artikkelen bygde opphavleg på «Cappelens musikkleksikon» frå Wikipedia på bokmål, den 20. januar 2010.
- ↑ «Cappelens Musikkleksikon I». www.nb.no. Henta 30. oktober 2024.