Caprera

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Caprera
Arcipelago della Maddalena, Caprera Cala Napoletana 01.JPG
Geografi
Caprera is located in Italia
Stad Middelhavet
Koordinatar 41°12′N 9°28′EKoordinatar: 41°12′N 9°28′E
Øygruppe Maddalenaøyane
Areal 15,5 km²
Høgaste punkt Monte Tejalone (212 moh.)
Administrasjon
Land Italia
Region
Provins
Sardinia
Olbia-Tempio

Caprera er ei øy i Maddalenaøyane nær Bonifaciosundet nord for Sardinia i Italia. Øya har eit areal på 15,5 km² og er ein populær turistdestinasjon. Ho er kjend som staden der Giuseppe Garibaldi trekte seg tilbake til (1856–82).

Øya er ein del av eit naturreservat på grunn av fuglane som held til her (mellom anna skarv og vandrefalk). Ho har truleg fått namnet sitt av dei mange villgeitene som heldt til her (capra tyder 'geit' på italiensk).

Namnet på øya er forbunde med Giuseppe Garibaldi, ein italiensk nasjonalist og fridomskjempar på 1800-talet, som var ein av fedrene til det italienske sjølvstendet. Han kjøpte øya i 1855 og døydde der i 1882. Huset hans er i dag eit museum og eit minnekapell og øya i seg sjølv er eit nasjonalmonument. Caprera er forbunde til øya La Maddalena via ei 600 meter lang vegfylling.

Caprera er den nest største øya i øygruppa og har ei kystlinje på 45 km. Monte Tejalone er det høgaste punktet med 212 meter over havet. Det finst ingen hotell på øya, men ein stad har bungalower. Det klåre sjøvatnet rundt øya inneheld restane av mange romerske lasteskip.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]