Caramel corn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Caramel corn

Caramel corn eller caramel popcorn er ein godsak laga av popkorn som er dekt med eit lag karamell av sukker eller melasse.

Vanlegvis lagar ein caramel corn ved å varma opp ei sukkerløysing eller sirup til ho byrjar å bruna og blir tjukk, slik at ein får ein karamellisert sirup. Denne varme væska blir så blanda med poppa popkorn, og kjøla ned. Dette gjev eit søtt, knasete godteri. For å gjera dei endå sprøare kan nokre variantar av caramel corn også bakast i omn etter påføring av sukkeret.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Caramel corn-butikk i Depoe Bay i Oregon.

Blandinga av karamell og maiskorn går minst tilbake til 1890-åra med Cracker Jack, ein tidleg versjon med peanøtter og melasse. Ei tidleg form av dette godteriet blei innført ved World's Columbian Exposition i Chicago i 1893. Popkorn laga i ein kjele med sukker som ikkje er karamellisert kan også vera ein forløpar for caramel corn.

Det finst mange kommersielle merke og former for caramel corn, som Cracker Jack, Fiddle Faddle, Lolly Gobble Bliss Bombs og Crunch 'n Munch. Ein kan også selja posar med lokalt laga caramel corn i matbutikkar, kinoar og kioskar. Fisher's Popcorn frå Maryland, Chesapeake Popcorn frå Ohio og Nuts on Clark frå Chicago er døme på føretak som spesialiserer seg på caramel corn og popkorn.

Caramel corn kan også lagast heime, og er mellom anna knytt til halloween.[1]

Lovar og reglar[endre | endre wikiteksten]

Lovverket i USA definerer sukkerdekt popkorn som mat med minimal næringsverdi.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Nothing says Halloween like caramel corn: Easy recipe», EF GO Blog (på engelsk), henta 25. oktober 2020 
  2. «Foods of Minimal Nutritional Value». www.fns.usda.gov. Appendix B of 7 CFR Part 210 (på engelsk). Food and Nutrition Service, United States Department of Agriculture. 13 September 2013. Henta 4. august 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Caramel corn