Cardito

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Plass i Cardito.

Cardito er ein kommune i provinsen Napoli i regionen Campania i Italia. Kommunen har 22 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 3,21 km². Cardito ligg 14 kilometer nord for provinshovudstaden Napoli, og kan reknast som ein forstad eller bydel til storbyen.

Tidlegare var Cardito best kjend for produksjonen av jordbær og asparges. I dag vert det også laga mozzarellaost her.

Byen vart kan hende grunnlagd av folk frå nærliggjande Atella, kring 350-300 f.Kr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]