Carillon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Klaviatur til klokkespel med 56 klokker.
Carillon (klokkespel) i ei nederlandsk kyrkje.

Carillon er den opphavlege franske nemninga på store klokkespel (tårnklokkespel) som er monterte i kyrkjetårn og andre liknande konstruksjonar for å spele melodiar på som skal høyrast over store område, til dømes i ein by.

Slike klokkespel er sett saman av fleire kromatiske eller diakoniske stemde små og store klokker med skap som kyrkjeklokker, som kan spelast på ved at ein musikar sleg mot klokkene ved hjelp av hammarar som vert styrte frå eit klaviatur, eller som vert spela av ein maskinell innretning.

Nemninga carillon vert nytta internasjonalt, og kan i eit visst mon òg nyttast om små klokkespel som inngår som musikkinstrument i orkester.