Carl-Erik Torp
Hopp til navigering
Hopp til søk
Carl-Erik Torp | ||
![]() | ||
Fødd | 17. september 1984 (34 år) Oslo i Noreg | |
Posisjon | Midtbane | |
Ungdomsklubb | ||
---|---|---|
![]() | ||
Klubbar* | ||
År | Klubb | Kampar (mål) |
2006 2007–2010 2011 |
![]() ![]() ![]() ![]() |
23 (2) 110 (12) 23 (0) [1] |
Klubbkampar og mål i nasjonal liga |
Carl-Erik Torp (fødd 17. september 1984) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Kolbotn. I 2011-sesongen spelte han for Tippeligaklubben SK Brann. Han gjekk til Brann frå Kongsvinger IL Toppfotball 11. november 2010. Han spelte den første Brann-kampen sin i første serierunde i 2011, 20. mars 2011.
Hjartestans i 2011[endre | endre wikiteksten]
Sundag 25. september spelte Torp for Brann i ein bortekamp mellom Brann og Sogndal Fotball. Under kampen fall Torp om og fekk hjartestans. Han vart straks flogen til Haukeland Sjukehus i luftambulanse, og overlevde. [2] Etter dette måtte han leggja opp som toppfotballspelar.